23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

IDEALITET 61

enkelt-eksemplara av arten, gjer Billeskov greie for eitkvart førelegg, utan omsyn til

kva forholdet er mellom dette og den generelle sjanger-tradisjonen, eller til det

utviklingsstadiet sjangeren er på idet forfattaren får den overlevert.

Eit eksempel er omtalen av MTkr I.100. Billeskov Jansen dokumenterer at

Holberg i dette tilfellet hentar mesteparten av sitt stoff frå ein artikkel i leksikonet til

Pierre Bayle (Dictionnaire) med overskrifta "Simonide". Sjølve artikkelen er hos Bayle

på 44 linjer, men denne har fått føydd til seg heile seks foliant-sider med noter.

Denne måten å ordna stoffet på, har lite til felles med moderne oppslagsverk; Bayle

føyer til noter nærmast etter assosiasjonsprinsippet. Historia om Simonides har

Holberg henta frå note F hos Bayle, og frå denne og and re noter har han henta også

andre brikker til dette essayet, bl.a. eit stort Charron -sitat. Såleis har Holberg ikkje

bare lånt ei rekke stader frå Bayle, men i mangt og mye bygt opp sin eigen tekst over

leisten frå hans leksikon. (Jansen 1938-39, II, 189-96.)

På denne måten spesifiserer Billeskov Jansen sjanger-spørsmålet, slik at det

ikkje dreiar seg så mye om ei allmenn som om ei spesifikk utvikling. Denne

spesifiseringa inneber både ei styrking og ei svekking av det "sjangrologiske"

perspektivet hos Rubow. På den eine sida blir påstanden om diktarens halve lagnad

underbygd, konkretisert, gjort til eit empirisk spørsmål. På den andre sida er denne

konkretiseringa gjennomført på så ytterleggåande vis, at den riv beina under

førestillinga om ein styrande sjanger.

For det andre: Billeskov forminskar forfattarpersonen som forklarande faktor.

Rubow sa at sjangeren var halve lagnaden til ein forfattar; i sin eigen praksis

modererte han dette grunnsynet ved å trekka inn også biografi og forfattarpsykologi

i forklaringa. For Billeskov er den personlege samanhengen sekundær; han skriv det

aller meste på kontoen førebilete og litterære impulsar. F. eks.: Grunnen til at ein del

småessays om historieskriving ikkje er av særleg verdi, er val av førebilete, grunnen

til at litteraturkritikken er pregnant og personleg, er også dét val av førebilete (Jansen

1938-39, II, 227). Han kan til og med få seg til å seia at frigjeringa frå førebileta skjer -

på grunnlag av førebilete! (Dette kjem eg straks tilbake til.) Her er det såleis ikkje tale

om halvdelen; Billeskov minimaliserer brøken så mye at den nærmast forsvinn, sa

Ejnar Thomsen (Thomsen 1954, 116-17).

Reduseringa av sjangeren og likeeins av forfattarpersonen når hos Billeskov ei

grense ved det som han kallar "Det personlige Fænomen" (Jansen 1938-39, II, 234). Til

tross for at interessa for forfattarpersonen kan synast låg hos Billeskov, ville det vera

galt å hevda at den ikkje er innanfor metodens felt. Om

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!