23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

60 KAP. 2.1

Motivet er knytt til begge stadia i genesen, både idéen hos forfattaren og realiseringa

i teksten, nærmare bestemt representerer begrepet ei dynamisk rør sle frå idé til

realisering. Billeskov utarbeider eit utførleg system av motivkategoriar for idé-

stadiet, ordna etter to prinsipp. For det første sjelelege haldningar eller soner hos

forfattaren: "Undring", "Tilbedelse", "Fortvivlelse", "Misbilligelse", "Komik",

"Frivolitet", "Lidenskab", "Bekendelse". For det andre eit bilete eller ein gestalt:

karakter, stemning, handling. Desse to prinsippa lagt over kvarandre gir eit motiv -

inventar på til saman 24 kategoriar, noko det ikkje er nødvendig å gå nærmare inn på

her. Realiseringa av motivet inneber at den sjelelege energien blir utløyst i

komposisjon og stil, dvs. at komposisjon og stil er underordna og tener motivet som

idé, dei er formidlarar mellom ei diktarsjel og andre sjeler. Denne realiseringa i

komposisjon og stil ser Billeskov som vanskeleg og krevjande; det er ein tornefull

veg forfattaren må gå, og det er bare få som klarer å gå den til endes.

Motivet kalder på sin Stil og sin Komposition. Men Digteren, som følger Motivets Vækst i sit Indre,

hører ikke altid denne Kalden. Skønt Motivet bliver til efter hans egen dybe Tilskyndelse, er hans

Magt over dets Opstaaen og Udvikling ingen eller ringe; hans Kunst er at gribe Motivet i rette

Moment og med Følsomhed at fæstne det. Dette kan glippe for ham én Ga ng, flere Gange; det kan

helt mislykkes. Digterens Famlen og Fejltagelse beviser, at Værkets Stil og Komposition ikke er

skabt i og med Motivet. (Jansen 1946-48, I, 67.)

Billeskovs komparative metode, interessa for påverknadsforhold på eit mest mogleg

konkret nivå, bør sjåast på bakgrunn av den understreking som han sjølv gjer av kor

vanskeleg det er å realisera ein diktarisk idé. Eit gjennomgåande "motiv" hos

Billeskov er forfattaren ved skrivebordet. Det er sjølve metoden som bringar han dit;

på sitt mest optimale gir metoden høve til å gjenoppleva korleis forfattaren - heilt

konkret - realiserer sin motiv-idé i samråd med sine Auctores. Her gjenopplever

forskaren det avgjerande utfallet av "Digterværkets Skæbne".

Billeskov går lenger enn Rubow, på to måtar:

For det første ved å forskyva interessa frå sjanger og til spesifikke førelegg.

Rubow delte moment-begrepet i tre: sjangerhistorie, miljøskildring, påverknad av

enkeltforfattarar; Billeskov plasserer seg helst i den siste båsen. Miljøskildring speler

inga rolle hos han. Han gjer heller ikkje greie for sjangerhistorie som immanent

historisk utvikling; essayets ulike stadium er for Billeskov ikkje sjangerhistoria, men

blir avgrensa til korleis den blei "adaptert" hos Holberg, dvs. til dei essayistar

Holberg las. Derfor er definisjonen prega av særleg Montaigne, og derfor må Bacon,

Plutark o.a. vika. I omtalen av dei enkelte essay-tekstane, altså

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!