23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

58 KAP. 2.1

Rubow danna skole. Under hans kateter sat bl.a. Alf Henriques, Jens Kruuse,

Ejnar Thomsen. Men den som blir rekna for hans ivrigaste etterfølgjar og som mest

konsekvent kom til å retta seg etter dei metodeprinsippa som låg i den brunetièreske

oppfatninga av Taine, var F. J. Billeskov Jansen. Dette gjeld særleg avhandlinga om

Holberg som epigrammatikar og essayist frå 1938-39. Bakgrunnen for arbeidet var ei

prisoppgåve ved faget Almindelig Litteraturvidenskab, Københavns Universitet.

Emnet for oppgåva var "De litterære Forudsætninger for Holbergs moralske

Skrifter". Billeskov Jansen avgrensa seg til "en Bestemmelse af Holberg som Essayist",

men fann det under arbeidet nødvendig å innleia utgreiinga om Holber g-essayet

med ein analyse av epigramma. (Jansen 1938-39, I, 11-12.)

Tese og metode

Tesen samlar Billeskov i uttrykket "den isolerte Sammenhæng" (Jansen 1938-39, I, 12):

Hos Holberg kan ikkje tanken forklarast på grunnlag av forfattarens sjelelege

habitus, eller på grunnlag av ytre personlege opplevingar, men først og sist i lys av

sin litterære samanheng. Denne er viktigare enn den personlege. Det finst menneske

som har heile sitt åndsliv sentrert kring eitt sentrum, men for mange "bevæger det

sjælelige Liv sig efter Linjer som ikke staar i nødvendig Forbindelse med hinanden"

(Jansen 1938-39, II, 251), noko som kan samanliknast med dei ulike roller menneska

speler i daglegdagen, - i familie, på arbeid, blant vennar. Holberg hadde ei rekke

åndelege energisentrum, utan noko påvisleg felles prinsipp. Derfor må me halda frå

kvarandre det som ikkje høyrer saman, og ikkje la oss narra av ei syntetisk drift.

Skiljet mellom ulike sjangrar er hos Holberg viktigare enn trådane som bind dei ihop.

Det er ikkje éi bok Holberg skriv, ikkje eitt filosofisk system han lagar, heller ikkje er

det noka fragmentert aforismesamling; hans litterære produksjon inneheld relativt

uavhengige tankerekker.

Sjanger og motiv blir i tråd med dette hovudkategoriar i Holberg-forskinga.

Ved hjelp av sjanger-inndelinga kan ein laga tverrsnitt i forfattarskapen og utforska

den litterære konteksten som tankeimpuls og tankekraft. Motivstudiet dannar

grunnlag for lengdesnitt og kan i gitte tilfelle dokumentera kva som er gjenbruk av

stoff som er nytta tidlegare i forfattarskapen, kva som er nye tilføringar utanfrå, og

kva som eventuelt er originale skapningar.

Som grunnlag for metoden ligg ei førestilling om Holberg som humanistisk

forfattar. For Billeskov er ein humanistisk forfattar ein siteringskunstnar. Å arbeida

med andres tankar er for humanisten sjølve

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!