23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

56 KAP. 2.1

spesifiserer epistelforma meir. Han er detaljert og klar i bestemminga av korleis

khreia-forma er hemmande, men generell og vag i bestemminga av fortrinna ved

epistelen.

Oppsummerande om Fjord Jensen: Han gjer greie for forholdet til tradisjonen

på sjangernivå, med hovudkategoriane khreia og epistel. Desse utgjer hos Fjord

Jensen også hovudskiljet mellom gammalt og nytt i Holberg-essayet. Han er langt

meir utbrodert i omtalen av den gamle forma som hemmande enn den nye som

frigjerande.

Billeskov Jansen

F. J. Billeskov Jansen er ein framståande Holberg-kjennar og -formidlar i vår tid -

mange vil rekna han som den fremste. Med avhandlinga om Holberg som

epigrammatikar og essayist, 1938-1939, har han levert det utan sidestykke største

bidraget til studiet av Holbergs reflekterande prosa. Avhandlinga hans blir såleis

viktig å forholda seg til for meg i dette arbeidet. Derfor får Billeskov relativt fyldig

omtale i det følgjande.

Innleiing

I mellomkrigstidas danske litteraturforsking representerer Paul V. Rubow ei

nyorientering ved å retta søkelys mot litterære og idémessige føresetnader for

forfattarskap og enkeltverk. Han er ikkje den første; Julius Paludan og Poul Levin

hadde tidlegare praktisert ei komparativ tilnærming. Rubow har ikkje ein einsarta

vitskapleg profil; utover i sin forfattarskap, særleg i dei mange forfattarportretta, er

det også ei biografisk orientering, der kjærleik og utanlandsreiser - for nå å bruka

klisjéar - kan komma vel så mye i fokus som litterær påverknad.

Han danna skole ved sin måte å bruka Hippolyte Taine på. I innleiinga til

Histoire de la littérature anglaise ser Taine litteraturforskingas oppgåve i å utforska

forklarande faktorar for litteraturen, eller nærmare bestemt for den åndstilstand som

ligg til grunn for ei litterær skaparakt. Taine taler om tre faktorar: rase, miljø,

moment. Den tredje av desse kategoriane har vore den mest problematiske. F. eks.

nyttar Sven Storelv ordet "tidspunkt" i ei norsk omsetting (Taine 1970). Taine gir ein

romsleg definisjon når han taler om "det tidsrom en åndsform eller hovedtanke er

dominerende" (Taine 1970, 160), altså om kulturen sett under eitt i ein periode (med

bl.a. renessansen og den klassisistiske tidsalder som eksempel). Vidare speler han på

to tydingar av begrepet, ei statisk og ei dynamisk; det nemner ein tilstand - resultatet

av ei utvikling - som samstundes er kraft og faktor i ei vidare utvikling.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!