23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

IDEALITET 53

samfunnsmessig funksjon, og vidare grunnlag for ei inndeling av Holberg-essayet, i

gammalt og moderne.

Øvingsretorikken har røtter i antikken og går som ubroten tradisjon tvers

gjennom mellomalderen. Elementærøvingar gjekk under namnet progymnasmata, for-

øvingar. På høgare utdanningsnivå blei desse avløyste av deklamasjonar. Dei

enklaste øvingane i progymnasmata er fabel, forteljing, historisk forteljing, eksempel

eller argumentum. Frå enkel gjenforteljing går aktiviteten gradvis over til å

manipulera forteljestoffet, ved nedkorting eller utbrodering. I forlenging av dette ligg

khreia-øvinga, der "gymnasten" lærer å handtera eit poeng, ein episode, ein replikk,

ein anekdote. Utgangspunktet kan vera ei kort setning av typen: "Isokrates sa:

'Dannelse har bitre røtter, men søte frukter'"; "Da Krates møtte en uvitende gutt,

prylte han læreren". Ei slik utgangssetning eller -historie blir så forklart og utbrodert.

Nærmare utgreiing om mønsteret finn ein bl.a. hos Paul Diderichsen, som Fjord

Jensen også refererer til som kjelde:

En "chria" kan varieres efter flg. eksempel. Tema: Isokrates sagde at opdragelsens rod er bitter,

men dens frugt sød. Man begynder med (1) en lovprisning af Isokrates, fx.: "Isokrates var viis" (kan

udvikles nærmere). (2) Den egtl. chria, dvs. I.'s ord, hvis betydning nærmere udvikles. (3) Bevis: (a)

direkte: de største foretagender er som regel udførte med meget slid, men bringer lykke; (b)

modsætningsvis: de foretagender der lykkes ved held kræver intet arbejde og deres fuldførelse

bringer ingen lykke; modsat forholder det sig med de arbejder der kræver vor indsats; (c) ved en

sammenligning: således som de bønder der slider hårdt, også bør høste frugten, således også med

talere; (d) ved et historisk eksempel: Demosthenes, som lukkede sig inde og arbejdede meget,

høstede til sidst sin frugt: kranse og offentlige proklamationer. (e) Man kan også citere en autoritet,

fx.: Hesiodus siger 'Forud for dyden har guderne sat sveden'. (4) Til sidst anbringer man en

opfordring til at følge hvad der er blevet sagt eller gjort. (Diderichsen 1968, 54; jfr. også Andersen

1995, 244).

Fjord Jensen hevdar at klassisk essayistikk utvikla seg i tilknyting til denne

tradisjonen, og han gjengir dette formularet punkt for punkt i ei lesing av innleiinga

til MTkr I.109. Han medgir at Holberg ikkje følgjer mønsteret slavisk; etter sentensen

(eller epigrammet) kjem ei kort utlegging og deretter ein kjede av nesten identiske

eksempel med grunngjevingar, samanlikningar, nye sentensar. Det er såleis i ei nokså

utvatna form ein finn igjen khreia-mønsteret hos Holberg.

Når Fjord Jensen likevel kan kalla forma for stram også for Holberg, er det

fordi argumentasjonen aldri kjem ut over dei rammene som er gitt med sentensen.

Uansett kor varierande gjentakingane er, argumenterer teksten heile tida for det

same, for det sentensen i utgangspunktet har slått fast. Dette gjer

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!