23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

52 KAP. 2.1

av sin litterære produksjon (Brandes 1889, 43). Dei faktiske opplysningane om

forfattaren ser ut til å måtta retta seg inn etter allereie fastlagde førestillingar om

geniet, førestillingar som gjer det nødvendig å utstyra enkeltindividet med

omgjevnader som det kan heva seg over og overskrida. Brandes går så langt at han

lar Holberg overskrida seg sjølv, sin eigen kropp; ånda svevar eterisk over all

substans.

Fra sit 37te til sit 40de Aar maa han have levet i Frembringelsens saa godt som uafbrudte

Febertilstand, neppe fornemmende sit eget Legem, med en Følelse af stedse fornyet Klarhed i

Hjernen, der nu og da er steget til en Art indre Illumination (Brandes 1889, 16).

(3) Brandes opnar for ein tekstintern konflikt i Holberg-essayet, ved at han

bestemmer paradokset innhaldsmessig som ny innsikt, men ikledd ei utlevd

klassisistisk form. Her er det ikkje avgjerande kva ein måtte meina om kategoriane til

Brandes ( - eller dei kategoriar som lar seg utleia av utgreiinga hans). Det avgjerande

er at han - med motsetnaden eller spenninga mellom radikale sanningar og eit

dogmatisk språk - opnar for ein tekstleg konflikt: Språket passar ikkje. Dette kan

også lesast som ei problematisering av subjektet, eit spørsmål om kven det er som

taler, eller kva slags medvit det er som styrer teksten. Det er på dette punktet

Brandes når lengst i omtalen av Holberg-essayet, og er mest til nytte for utviklinga

av problemstillinga i det føreliggande arbeidet.

Konkluderande om Brandes: I sin generelle karakteristikk ser han

forfattarskapen som styrt av klassisistisk åndsform, som han meiner er hemmande

for utviklinga av Holbergs geni. Denne karakteristikken omfattar og blir delvis

utvikla på grunnlag av Holbergs reflekterande prosa. Ved å gjera greie for

tradisjonen - klassisistisk åndsform - som hemmande, som upassande, opnar Brandes

såvidt for ei tekstleg problematisering av subjektet; Holberg artikulerer ei kritisk

innsikt i eit konformt språk.

Fjord Jensen

Johan Fjord Jensen er i sin omtale av Holberg-essayet delvis lik, delvis ulik Brandes.

Også han ser tradisjonen som hemmande for forfattaren. Også han peiker på ei

overskriding av tradisjonen hos Holberg. Men han er meir spesifikk enn Brandes; der

Brandes vagt og generelt taler om klassisistisk eller klassisistisk-oratorisk ånd,

tilbakefører Fjord Jensen essay-tradisjonen til øvingsretorikken, nærmare bestemt til

den såkalte khreia-øvinga. Fjord Jensen finn i khreia-mønsteret grunnlag for å

tilskriva (det eldre) Holberg-essayet ein

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!