23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

IDEALITET 51

holbergske paradoksa eingong var - men ikkje lenger er - aktuelle, bør ein sjå dei som

evig aktuelle, eller som gamle klisjéar.

Brandes problematiserer subjektet på tre ulike nivå, og problematiseringa blir i

varierande grad gjort eksplisitt. Subjektet blir ein problematisk storleik (1) ved

omtale av menneskesynet hos forfattaren, (2) i utgreiinga om forfattaren forstått som

geni, (3) i tekstlege spenningar hos Holberg som det er grunnlag for å hevda at

Brandes peiker på, eller i det minste antyder.

(1) Brandes avviser konklusjonen frå Holbergs 2. satire, "Apologie for

Sangeren Tigellius", som dekkande for menneskesynet til forfattaren. Kva er eit

menneske? spør diktaren, og han svarer: Det er eit dyr som ikkje lar seg definera. Ei

slik haldning er ifølgje Brandes lite dekkande for Holberg sjølv; ingen som har

kjennskap til komediane, "kan undgaa at studse ved hvor lidet Definitionen passer"

(134). Viss det er noko Holberg gjer, er det å bestemma sine karakterar. Hans

forskjellige personar blir uavlateleg krinsa inn, namngitte, omtalte, utsette for

intrigar, utledde, osv. Den klassisistiske åndsform gjer det umogleg for Holberg å sjå

på mennesket som uutgrunneleg. Distansen og låtten er sikre teikn på at han allereie

har utgrunna sine personar.

(2) Annleis med Holberg sjølv; han blir problematisert i kraft av den genirolla

han blir tilskriven. Det er i kraft av å bryta med fastlagde mønster - i Jeppe paa Bierget,

i Erasmus Montanus, eller i MTkr I.171 - at Holberg blir ein genial diktar; her kjem han

tettare på Livet. Synspunktet gjer seg gjeldande i monografien eller festskriftet frå

1884, og er kraftig forsterka i eit essay frå 1887 (Brandes 1889) som har ein lang

innleiande refleksjon om geniet. Geniet er ikkje uttrykk for folket, men omformar

folket (Brandes 1889, 4-5). Brandes har orientert seg i nye retningar; Hippolite Taine

og determinismen er blitt erstatta av Nietzsches førestillingar om det overskridande

mennesket (Brandes 1889, 3).

Genirolla blir forstått som konfliktfull og smertefull. Geniet er utstøytt, aleine,

må tola pine og smerte. Holberg er opplyst representant for fornufta, men er omgitt

av barbarisk overtru. Han blir mislikt på grunn av bøkene sine. Hos Brandes flyt det

over av formuleringar som markerer denne konflikten. Sjølv i omtalen av det han

kallar dei lykkelegaste og mest produktive åra, blir Holberg framstilt som martyr, i

eit "tross all motgang"-språk (Brandes 1889, 16). Brandes svartmaler samtida til

Holberg for å stilla forfattaren i eit fordelaktig lys, seier Rubow. Samtida var ikkje så

pedantisk som Brandes vil ha det til, heller ikkje så ortodoks, heller ikkje så udanna

og barbarisk, osv. (Rubow 1944, 56; Müller 1943, 225-43). Og ein kan legga til:

Motgangen kan vel ikkje ha vore så stor; Holberg var den første og lenge også den

einaste som kunne legga seg opp formue på grunnlag

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!