23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

50 KAP. 2.1

For språket - eller forma - ligg det ein omvendt utviklingstanke til grunn for

beskrivinga. Det overleverte språket er ei konvensjonell, stiv og "gammaldags" form

som Holberg unntaksvis klarer å bryta ned, overskrida, legga bak seg, - men bare

unntaksvis.

Dette gir grunn til å hevda at lesinga til Brandes har som implikasjon å sjå eller

peika på to spenningsforhold i Holbergs reflekterande prosa. (1) Holberg presenterer

eit radikalt innhald i eit konvensjonelt språk, (2) det konvensjonelle språket får

motstand frå - og blir til tider brote ned av - eit fritt, "grenselaust" språk.

Slik blir det mogleg å sjå Holberg som moderne i innsikt, gammaldags i form.

Hans paradoks har blitt truismar; denne sigeren har som konsekvens at han har blitt

uaktuell; Brandes må gjera sine lesarar merksame på at det som hos Holberg kan

synast middelmådig, ein gong har vore radikalt, "at hvad der nu er for sandt til at

siges, engang har været et Paradox" (178). Holberg er såleis innhenta og distansert av

ei utvikling han sjølv har gått i spissen for. Språket, derimot, har hos Holberg alltid

vore forelda (klassisistisk), bortsett frå dei unntaksvise tilfella der han bryt

igjennnom dei hemmande konvensjonane.

Det kan reisast innvendingar mot å forstå paradoks-begrepet som

innhaldskategori, som utelukkande eit spørsmål om innsikt. Spørsmålet blir

nærmare drøfta nedanfor i kap. 5; her er det tilstrekkeleg å peika på ein

inkonsekvens som er lett synleg hos Brandes. Han forstår paradoks-begrepet på

grunnlag av utviklingstanken. Etablert innsikt av i dag har ein gong vore ny og

sjokkerande (paradoks). (Denne oppfatninga er han ikkje aleine om: "Dagens

paradoks er morgondagens fordommar", heiter det i ein kjend sentens.) "Vi vide nu

…", seier Brandes om det som samtida til Holberg ikkje visste.

[V]i vide at man ikke bør gifte sig altfor gammel, at man hverken bør være en Laps eller unødigt

trodse Moden, at man hellere bør stræbe at udmærke sig ved Fortjenester end ved en Rang, at

Venskab ikke bør være Sammenrottelse o.s.v. […] (Brandes 1884, 177).

Men Holberg-paradokset lar seg ikkje tilpassa ein slik formel. Viss ein nyttar dette "vi

vide"-formularet, og fyller inn andre "verdiar", f. eks. frå dei meir sprelske paradoksa

frå MTkr - kun dåren er lykkeleg (MTkr II.1), dårleg smak gjer stor nytte (MTkr

III.105), semje sløver og usemje virkar fremjande på samfunnet (MTkr III.82) - eller

viss ein trekker inn påstandar om Guds vesen som uutgrunneleg (MTkr I.100), blir

det straks innlysande kor lite brukande formularet til Brandes er. Det Holber g

presenterer som paradoks, kan ikkje gjerast greie for som nye innsikter for samtida. I

staden for som Brandes å hevda at dei

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!