23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

IDEALITET 49

Handlingen aldeles efter Digterens oprindelige Bestemmelse, uden at

Menneskenaturens Bevægelighed nogensinde gjør en Streg i Regningen […]" (147).

Kategorien oratorisk får hos Brandes ei vid avgrensing; den omfattar ikkje

bare munnleg framført ordkunst, men også skriftspråklege sjangrar som f. eks.

epistel, ja all polert prosa i den grad den følgjer konvensjonar for tekstlege

utbroderingar. Også Holberg-essayet er styrt av slike mønster (epistel, dissertasjon).

Ikkje bare det; det er herifrå, frå den lærde, utbroderte og slepne språkbruken, det

oratoriske har sitt opphav. Det oratoriske dreiar seg for Brandes såleis om element

som ein først og fremst vil finna i den reflekterande prosaen.

Den "klassisk-oratoriske Aandsform" er ei tvangstrøye; den står i vegen for

"det moralske Øjemed", for "Menneskenaturens Bevægelighed" (147), og den står i

vegen for språkleg eksperimentering, dvs. "at Ordet hos Holberg aldrig bliver drevet

ud paa de Grænse-Omraader, hvor det forvandler sig til Tone eller Farve, til Musik

eller Maleri". (150.) Sjølv om den klassisistiske åndsform kunne seiast å vera ny for eit

dansk publikum, vil den i sitt vesen vera konvensjonell, gammaldags ved ikkje å

strekka til overfor det livet litteraturen har sett seg som mål å skildra.

Det vesle Brandes skriv om essayet i passasjen som er sitert ovanfor, gjer greie

for to overskridingar i denne prosaen. Den første dreiar seg om det enkeltståande

tilfellet (eller dei få tilfella) der Holberg ikkje bøyer seg for den rigide, oratoriske

forma, men sprengjer denne og skaper ein prosa som er "saa sundt tænkt, saa

mesterligt skrevet, saa vittig i sit Ræsonnement, saa digterisk overgiven" (177-78).

Den andre gjeld kunnskap og innsikt; "de Gjenstande, som de Moralske Tanker

behandle" er for Brandes og hans tid "altfor middels, altfor nærliggende" (177). For

samtida til Holberg, var dei derimot grensebrytande; det som ettertida kan ta for gitt,

var for samtida nytt og overraskande.

Brandes brukar paradoks-begrepet primært som innhaldskategori, og han

skriv det i tillegg inn i ein historisk utviklings- eller framskrittsmodell. Begrepet får

på den måten som kriterium utbreiing av sanning og innsikt; den innsikta bare nokre

få sit inne med, er paradoks - mot det ein skulle tru - for dei som ikkje har den. Idet

sanninga får tilslutnad og utbreiing, er den ikkje lenger paradoks. I kraft av

paradokset var Holberg i MTkr overskridande når det gjaldt innhald. Han er kritisk,

revurderer gamle sanningar, insisterer på nye sanningar til dei blir truismar. Ein

implikasjon av dette paradoks-begrepet er at Brandes ser innhaldet i Holberg-essayet

som aktuelt for samtida, men ikkje lenger aktuelt for ettertida.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!