23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

48 KAP. 2.1

Eg skal kort trekka fram to eksempel på korleis Brandes konkretiserer den

klassisistiske åndsform som hemmande. I historieverka viser Holberg seg som

utprega representant for klassisismen, hevdar Brandes. Holberg er ikkje

kjeldekritikar, hans arbeidsmåte er ikkje systematisk kritikk av eit overlevert

kjeldemateriale, med drøfting av kva som er sant etter metodisk aksepterte

kriterium. Han prioriterer eller vel ut eit interessant og tankevekkande innhald og gir

dette ei klar, enkel, fyndig og levande framstilling. Klassisismens historiografi viser

seg som særleg hemmande ved si manglande evne til å leva seg inn i fortida. Fordi

han forstår bare med fornufta, kan Holberg bare forstå si eiga tid (164), og teiknar

såleis oldtida i kostymar frå det 18. hundreåret. (Dette er eit vanleg ankepunkt mot

historieskrivinga på 1700-talet; Brandes målber historismens kritikk av opplysningas

historiografi.)

Også i omtalen av komedien understreker Brandes korleis klassisismen virkar

hemmande på det diktariske uttrykket. F. eks. blir einskapskrava i dramaet forstått

på grunnlag av ein motsetnad mellom mangfaldig liv og rigide former.

Livets Uorden, dets Formløshed og brogede Mangfoldighed, som Shakespeare fryder sig over og

boltrer sig i, er i Gjengivelsen den klassiske Dramatiker imod, ganske ligesom den udefinerlige

Helhed, den fuldstændige Organisme af Egenskaber og Særegenheder i Regelen unddrager sig

hans Opfattelse. (Brandes 1884, 156.)

Og det er den same motsetnadsfiguren som styrer i spørsmålet om

personkarakteristikk:

Men agter man nøjere paa hans Fremgangsmaade ved Hovedfigurerne, opdager man, at han som

klassisk Digter udstykker Indtrykket, af det fuldstændige, stereoskopisk sete Billede hyppigst kun

faar fat paa en enkelt Hovedegenskab som Stundesløshed, Snaksomhed eller Praleri, former hele

den iagttagne Karakter om denne Egenskab og nu stiller Skikkelsen i en Krydsild af

Ræsonnementer over dens paafaldende Ejendommelighed, hvis Oprindelse vi ikke medopleve,

men som bliver sig lig Komedien igjennom. (Brandes 1884, 139)

Rigide former og konvensjonar stengjer for inntrykk av mangfaldig liv.

Norma i den klassisistiske komedien er eit polert språk utan blikk for livet. Brandes

kallar dette normalspråket "oratorisk". Uansett kva komedien måtte dreia seg om, er

evna til å tala den same; framstillinga og foredragets kunst er noko alle har ibuande

seg. Ein Henrik og ei Pernille (tenestefolka i Holberg-komedien) "ere skaarne for

Tungebaandet, som vare de Advokater"; "deres Monologer ere ikke sjældent en hel

Holbergsk Epistel og Dialogen nærmer sig paa de afgjørende Steder til et oratorisk

Dystløb" (147-148). Handlinga i komedien er strukturert som ei provføring, og denne

planen er "[…] saa stiv, at den bøjer

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!