23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

IDEALITET 47

den personlige Fornuft styrer Verdensaltet som Gud og behersker i

Menneskeverdenen Lidenskaberne som Dyd" (136-37).

Denne orienteringa mot høgpolerte former utgjer motstykket til Brandes'

eigen poetikk: Det fullstendige inntrykket, eller ei djupare og fyldigare gjengiving av

livet, formidla i eit språk som ikkje er styrt av konvensjonar, men som er kraftfullt

malande. Diktarhelten hos Brandes er geniet; geniet klarer å motta eit mest mogleg

fyldig inntrykk av livet, og gi uttrykk for dette på ein fri måte, ubunden av

konvensjonar. Nå brukar nok Brandes førestillinga om geniet som ei temmeleg

einsarta støypeform som ganske ulike diktarar - Shakespeare, Kierkegaard, Holberg -

blir forma etter. Den typiske Brandes-helt, seier Rubow, er "den trodsige og

selvrådige allerhelvedeskarl som uforstået, spotsk og i grunden melankolsk rider sin

ensomme men ikke ubemærkede vej gennem verden" (Dansk biografisk leksikon, 3.

utg.).

Holberg er klassisist. Holberg er geni. Han blir tildelt to roller som er i konflikt

med kvarandre. Som geni blir han teikna som outsider, reformator, opplysar og

folkeførar. Det breie lag av folket kunne ikkje tenka før Holberg (Brandes 1884, 49).

Det er eit svelg mellom den unge Holberg, som kjem frå "det attende Aarhundredes

Morgenrøde" (32) og heim til overtru og pedanteri, heim til "det sextende

Aarhundredes lange Nat". Han kom med utlandets idéstrøm til "en Afkrog, hvor

Tiden stod stille" (33). (Her støttar Brandes seg sterkt på Olaf Skavlan, jfr. Skavlan

1872, kap. III, særleg 69-74.) Som kunstnar hadde han anlegg som bare kunne komma

til sin rett under klassisismen. Hans lynne var forstand og hans innbilningskraft var

retta mot det komiske, på same måten som klassisismen gjennom forstandens

herredømme styrer mot det komiske.

Geniet Holberg får konturar med klassisismen som bakteppe: For det første er

klassisismen i strid med "vor germaniske Race- og nordiske Folkekarakter" (Brandes

1884, 158), noko som forklarer kvifor Holberg blei ståande aleine. For det andr e er

det danske språket langt frå så utvikla som det franske (180-81). For det tredje er den

klassisistiske åndsform hemmande for det diktariske uttrykket. Om den ikkje er

direkte trykkande, kan den til tider bli for snever for Holberg. Då kastar han åket; det

er i dei "uklassisistiske" komediane - der han sprengjer dei konvensjonelle rammene -

han når dei store høgder som diktar, noko lesingane av Jeppe paa Bierget (182-94) og

Erasmus Montanus (251-59) tar sikte på å visa. Dvs. at klassisismen eller den

klassisistiske åndsform i framstillinga til Brandes får karakter av det ein med

terminologi frå eventyrets morfologi kan kalla "kvalifiserande prøve".

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!