23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

46 KAP. 2.1

Dette kan gi inntrykk av at det ikkje er så mye å henta hos Brandes, at han slett ikkje

er ein god innfallsport til Holberg-essayet.

Men om den reflekterande prosaen får liten omtale, får den likevel vekt på

meir indirekte vis. Det er særleg to forhold som gir grunn til å hevda noko slikt. For

det første definerer han eit av sine mest sentrale begrep, nemleg klassisk eller

klassisistisk åndsform, på grunnlag av element frå essayet, nemleg "det oratoriske". I

tillegg kan ein i det vesle han seier om Holberg-essayet, finna støtte for ei lesing som

gjer tydeleg spenningar i teksten og gjennom det problematiserer betydninga i denne

prosaen. Desse to generelle påstandane skal eg utdjupa nærmare i ei lesing av særleg

det fjerde kapitlet, "Aandspræg". Undervegs vil eg også trekka inn eit anna opus av

Brandes, nemleg Holberg-essayet frå 1887 (Brandes 1889).

Éin nøkkel til det ein kan kalla poetikken til Brandes, finn ein i ei faktorisering

av diktarens oppgåver, nærmare bestemt i delinga mellom inntrykk og bearbeiding

av inntrykk.

[…] Menneskeaanden, stillet Ansigt til Ansigt med Naturen og Menneskene, har en dobbelt

Virksomhed at udføre, først den at modtage saa rigt og alsidigt et Indtryk som muligt, dernæst at

bearbejde dette Indtryk, sønderdele det og efter Evne ordne og udtr ykke de Forestillinger, det har

fremkaldt (Brandes 1884, 138).

Klassisismen blir i ei slik forklaringsramme ei retning som legg meir vekt på

bearbeiding av inntrykk, på eit ordna, polert og fornuftig uttrykk, enn på "et fuldt og

samlet Indtryk" av livet. Historisk plasserer den seg mellom renessanse - "de vældige

Temperamenters Tid"- og romantikk, då "Troen paa det Ubevidstes Magt i

Modsætning til den resonnerende Tænkens Betydning vender tilbage"(136).

Forklaringa på denne skilnaden finn Brandes i tre faktorar: utviklingstrinn, rase og

tidsalder. Kategoriane og tildels også formuleringane er henta direkte frå Hippolyte

Taine og hans positivistisk-deterministiske teori om faktorar for kunsten. Paul

Rubow gjer greie for dette påverknadsforholdet (Rubow 1932, 17-18). Når

klassisismen prioriterer form - særleg høgpolert form - framfor innhald, er det fordi

den er eit produkt av den romanske folkekarakteren, "til hvis inderste Væsen hører

Evnen til at bevæge sig i Forstandsræsonnement og Evnen til at bringe Talens Kunst

til dens højeste Fuldkommenhed" (Brandes 1884, 157). Vidare ser Brandes denne

formdyrkinga i eit sosiologisk perspektiv, som "et Produkt af Digterens Forhold til

det nye Publikum, som dannes af en Hofadel, der er velopdragen og ørkesløs" (140).

Men den mest framtredande forklaringa er orienteringa mot fornuft; den

klassisistiske ånd "tror paa den personlige Fornuft;

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!