23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

IDEALITET 45

Det spørsmålet som eg brukar som bakteppe i gjennomgangen, er: I kva grad

støttar Holberg seg på tradisjonen når han utviklar sin essayistikk? Skriv han etter

mønster frå overleverte tekstar og sjangrar, eller utviklar han noko nytt som bryt

med overleveringa? Spørsmålet blir ikkje stilt for å drøfta om Holberg er gammal

eller ny, heller ikkje for å gi ytterlegare bidrag til den allereie omfattande

dokumentasjonen av kjelder og førelegg. Eg stiller spørsmålet dels fordi det

reflekterer at store delar av Holberg-forskinga har vore klassisistisk og komparativt

orientert, dvs. lagt vekt på den litterære tradisjonen som forklaringsfaktor, men vel

så mye fordi det opnar for nye problem. Dei tre omtalane nedanfor har som

fellestrekk at dei ser forholdet til tradisjonen etter mønster av ein frigjeringsmodell,

dvs. at lausriving frå overlevering og førelegg blir forstått som fullbyrding av

forfattarrolla. Ein slik modell, som sjølvsagt er problematisk innanfor ein klassisistisk

horisont, gjer seg gjeldande i ulik grad og på ulike nivå. Brandes taler vagt om

åndsform, Fjord Jensen i hovudsak om sjanger, Billeskov Jansen mest om stader i

teksten som har påvislege førelegg i andre tekstar.

Brandes

Festskriftet frå 1884 (Brandes 1884) er framleis - sa Rubow i 1928 (Rubow 1949) - den

beste vegen inn i Holbergs store forfattarskap. Så kan ein spørja om ein slik dom kan

gjerast gjeldande også for den essayistiske delen av forfattarskapen? Festskriftet har

ikkje særleg mye direkte omtale av den reflekterande prosaen, bare ein kort - og

delvis avvisande - omtale av MTkr, for ein god del knytt til eit einaste stykke, MTkr

I.171.

Undertiden kunne de Gjenstande, som de Moralske Tanker behandle, synes altfor middels, altfor

nærliggende; vi vide, at man ikke bør gifte sig altfor gammel, at man hverken bør være en Laps

eller unødigt trodse Moden, at man hellere bør stræbe at udmærke sig ved Fortjenester end ved en

Rang, at Venskab ikke bør være Sammenrottelse o.s.v., men Afhandlingen om Ægteskab i

"Moralske Tanker" er ligefuldt saa sundt tænkt, saa mesterligt skrevet, saa vittig i sit

Ræsonnement, saa digterisk overgiven i sit skjønhedsdyrkende Slutningsforslag om de smukke

Pigers Bevarelse i ugift Stand til Ziir for Staden, at ingen nok saa dyb Tanke kunde udøve større

Tiltrækning eller indpræge sig stærkere end denne en Verdensmands Bekjendelse, og

Afhandlingerne om den falske Gudsfrygt, der nu synes os saa selvfølgelige, have engang været

dristige og ere vittige endnu.

Vi Nulevende maa overhovedet overfor Holberg aldrig glemme, at hvad der nu er for sandt til

at siges, engang har været et Paradox, og at det er Holberg, der har havt Mod til at tage vore

moralske og æsthetiske Livssandheder op som Paradoxer og holde Pinen ud, indtil de bleve

Truismer. Han stod overfor et Publikum, hvem han maatte give sin Satire ind med Skeer og banke

sin Moral ind i Hovedet. (Brandes 1884, 177-78.)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!