23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

44 KAP. 2.1

gradvis kjem i fokus. Nå er det ikkje alltid samsvar mellom sentensen og stykket som

heilskap; i nokre tilfelle er sentensen dekkande for bare delar av avhandlinga. Derfor

må ein vera open for ei spenning mellom anslaget og andre delar av teksten.

Noko liknande gjeld for Ep. Emnet eller spørsmålet som blir drøfta, kjem til

syne undervegs i innleiinga, nærmare bestemt i tilknytting til brevfiksjonen ("Jeg

takker for din seeneste Skrivelse …").

Opprinneleg var altså verken MTkr eller Ep utstyrte med overskrifter til dei

enkelte stykka. Dette kjem først med Rodes utg. av MTkr i 1859 og Fabricius' utgåve

av Ep frå 1858. Rode utstyrer boka med ei inhaldsliste til slutt, med framlegg til

overskrifter til dei enkelte stykka. "Om Karrighed og Ødselhed", "Om Rangsygen",

"Om fornødne, nyttige og skadelige Studeringer", "Om Skribenter", osv. (MTkr 1859-

utg., V). Noko tilsvarande skjer i utvalet av Ep hos Fabricius, og i den fullstendige

utgåva til Chr. Bruun frå 1865-75. Også i seinare utgåver av både MTkr og Ep finn ein

overskrifter, plasserte anten over dei enkelte stykka, f. eks. i utgåva til Sigurd Højby -

Epistler og moralske tanker - frå 1945, eller i innhaldslista.

I seinare tid har redaktørar og utgjevarar utstyrt tekstane med overskrifter,

anten plasserte over kvart stykke eller i ei eiga innhaldsliste. Overskriftene kan nok

vera til god hjelp for ein som skal orientera seg i stoffet. Ikkje desto mindre tilfører

dei den enkelte teksten eit anslag, ei autoritativ rettleiing som den opprinneleg ikkje

hadde.

Dei redigeringstiltak som her er omtalte, er inngrep som ved første augnekast kan

verka nokså harmlause. Men straks dei viser seg å vera det minste reduksjonistiske,

dvs. omformande på øydeleggande vis, openberrer dei også kva slags språk som gjer

seg gjeldande i Holberg-essayet. Holberg-tekstens vesen er å finna i den konkrete,

påtaklege overflata, og ikkje i eit abstrakt bakanforliggande prinsipp.

Frigjeringsperspektiv på overleveringa

Den resterande delen av dette hovudkapitlet kapitlet er lesingar av tre utvalde

omtalar av Holberg-essayet. Først eit utdrag frå festskriftet til Georg Brandes,

deretter eit utdrag frå Fjord Jensens litteraturhistorie, og endeleg Billeskov Jansens

avhandling Holberg som Epigrammatiker og Essayist I-II.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!