23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

42 KAP. 2.1

fjerna bøyingsformer i eigennamn og å fjerna gammal skrivemåte av latinske og

greske namn.

Holberg gjorde sjølv språklege endringar i prosaen sin; i Skiemte-Digte og

Danmarks Riges Historie blei framandord, som hadde hatt ein framtredande plass i

førsteutgåvene, luka bort i andreutgåvene. Samstundes som han fjerna framandord i

desse tekstane, gjorde han flittig bruk av dei i sine essays frå siste delen av

forfattarskapen. Som forklaring på denne skilnaden kunne ein tenka seg at essaya

var tiltenkte eit snevert lærd publikum, historieverka ei større mottakargruppe. Men

ei slik forklaring er det ikkje så lett å finna positive argument for. Derimot er det eit

anna forhold som peiker seg ut: Dei formene som MTkr og Ep bruker - dissertasjonen

og epistelen - høyrer lærde samanhengar til. Holberg var sjølv universitetsmann,

men ein kan ikkje utan vidare ta for gitt at dette er hans språk. Tvert imot må ein -

ikkje minst på grunnlag av erfaring frå den øvrige forfattarskapen - vera open for

tvetydighet, overdriving og simulering også på dette feltet. Å overdriva dette

dissertasjonsspråket, eller å bringa det inn i ein gråsone der det ikkje er så lett å

bestemma om det som blir sagt er spøk eller alvor, vil som tekstleg grep kvila fullt og

heilt på antydningas kunst. Dvs. dei små og nærmast usynlege indikatorane. Viss

teksten får betydning i kraft av å bli overdriven, kan det ikkje vera tilrådeleg å ta

bort framandord og lærde former, slik Bredsdorff føreslår.

Same innvending gjeld sjølvsagt også ei form for forenkling av eit meir klart

og eintydig merke: omsettingar som pyntar på stilen, dvs. fjernar ord og vendingar

som kan verka støytande. Dette gjeld særleg den svenske omsettinga av MTkr (frå

1782) og den tyske (frå 1744). Ehrencron-Müller karakteriserer den svenske

omsettaren som "en meget sædelig Natur". Det eksemplet han gir som belegg viser

korleis Holbergs robuste prosa blir gjort om til bleik rokokko; følgjande passasje

Det Portrait, som gives paa et Fruentimmers Deilighed, paa hendes Bryste, Taille, etc.

blir omsett til

Den målning, som gifwes på et skönt Fruntimmers egenskaper (Ehrencron -Müller

1933, X, 327).

Og i den tyske omsettinga (til Elias Reichard) kjem eit tilsvarande

redigeringsprinsipp til uttrykk i form av programmatiske erklæringar.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!