23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

IDEALITET 41

Vurderinga til Billeskov av skilnaden mellom MTkr og Ep blir reflektert i hans

eigne kommentarar. Billeskov gav ut ei kommentarutgåve av MTkr 1943 og ei

tilsvarande av Ep, i 8 band, i tidsrommet 1944-54. Kommentaren til kvar av epistlane

blir innleia med eit resymé av stykket, Billeskov kallar det "Indholdsoversigt". Om

denne seier han:

[Den] varierer i Længde efter Epistlernes Karakter. Særlig Vægt er der lagt paa at reproducere

Epistlernes Komposition, Tankens Led eller Gang. Vanskeligst tilgængelige for Nutidslæsere er

Holbergs metafysiske Overvejelser; ved at resumere disse i moderne Vendinger skulde det være

muligt at vise nye Læsere Vej ind i disse grublende Epistler, som for Holberg nok har været de

vigtigste af dem alle. Meget stofbetonede Epistler gøres kort af. (Jansen 1944-54, "Kommentar til

Ludvig Holbergs Epistler. Foreløbig Vejledning og Forkortelsesliste", vedlegg til Ep, bd. I.)

I desse innhaldsoversiktene rår resyméets klassisistiske ånd; her blir det forkorta og

skrive om; på den måten er det meininga å gjengi det vesentlege av innhaldet. I

kommentarane til MTkr er det ikkje slike resymé. Forklaringa på dét er at tekstane

frå MTkr i det store og heile ikkje lar seg resymera; her ville resyméet som fornekting

av skrifta vore langt meir merkbar. Det same kan seiast om dei av Ep der ironi og

tilgjersle speler ei rolle. La oss sjå korleis Billeskov Jansen parafraserer Ep 247:

Jeg agter at forelægge de Herrer Med lemmer af Collegium politicum et stort Skrift, jeg har

udarbejdet om Fugl Føniks, dens Udseende og Levevis, Alder, Opholdssted, Død og Genfødsel.

Slaar Skriftet an, vil jeg udarbejde et andet om Salamanderens Natur og Egenskaber. (Ep, VII, 107.)

Det denne parafrasen ikkje klarer å fanga opp, er ironien. Ironien er noko teksten

bare antyder utan å seia direkte, og dette står parafrasen - dvs. den reduserte teksten

- makteslaus overfor. I den påfølgjande kommentaren føyer Billeskov straks til at

brevet er ironisk. Resyméet fornektar skrifta, seier Barthes. Stilt overfor den indre

variasjonen i Holbergs reflekterande prosa kan ein bruka parafrasen eller resyméet i

vurdering av Holberg-essayet; det er interessant i den grad det ikkje kan resymerast.

Forenkling

Holbergs reflekterande prosa toler heller ikkje språkleg forenkling eller

normalisering. Thomas Bredsdorff føreslår å modernisera tekstane for å gjera dei

lettare tilgjengelege for moderne lesarar. Hans framlegg til modernisering omfattar

bl.a. å ta bort framand skrivemåte i framandord som har gått inn i dansk språk

("Phanatici>fanatikere, Satyres>satirer", Den radikale Holberg, 29), likeins å

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!