23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

40 KAP. 2.1

Den ikkje reduserbare teksten

Holberg-essayet støyter imot klassisismens idé om teksten som reduserbar. I kraft av

å vera poengtert, eller i den grad det er poengtert, kan det ikkje reduserast til ein idé

bakanfor språk og form. Eg skal nyansera påstanden under punkta Resymé,

Forenkling, Utsnitt og Overskrift.

Resymé

Holberg-essayet viser eit register der jamn meddeling og poengtert framstilling

utgjer yttarpunkt. Ei kort jamføring mellom Ep 9 og Ep 11 kan tena som enkel

illustrasjon på denne variasjonen. Ep 9 presenterer og drøftar posisjonar i deisme-

debatten og knyter diskusjonen til namngitte verk i denne debatten, nærmare

bestemt Matthew Tindals Christianity as old as the Creation (1730) og James Fosters The

Usefulness, truth and excellency of the Christian Revelation (1731). Det epistelen i all

hovudsak gjer, er å referera synspunkt og drøfta argument frå desse innlegga. Det

teksten seier, seier den på meddelande vis, utan innslag av antydande eller poengtert

framstilling. Ep 11 handlar om frimurarrøsla, som Holberg låttleggjer gjennom satire.

Slik han framstiller saka, dreiar frimureriet seg om små menneske og små saker og er

såleis m.a.o. ikkje noko å bry seg om. Teksten har ei kort provføring på at den

løyndommen frimurarane gøymer på, er luft og ingenting (Ep 11, I, 46.16-47.5).

Deretter heiter det:

De gode Herrer Frimurere kand og bør ikke ansee denne min Betænkning, som en Satire, efterdi

den sigter heller til Societetets Forsvar, og viser, at jeg ikke vil tillegge dets Lemmer enten Ondskab

eller Misundelse (47).

Her er det spenning i teksten, mellom satire på den eine sida og forsikring om det

motsette på den andre sida. Holberg har andre stader gitt uttrykk for at satiren

verkar sterkast når den i staden for open kritikk gir seg ut for å vera forsvar av

offeret (bl.a. MTkr I.160, jfr. omtale nedanfor kap. 5), og Ep 11 høyrer med til dei

tilfella der han set eit slikt program ut i praksis.

Det er ei generell oppfatning at prosaen er langt meir polert i MTkr

samanlikna med Ep. I MTkr er Holberg på sitt ypperste som essayist, seier Billeskov,

samlinga er gjennomarbeidd i språk og tanke, det er her Holberg skarpast har

overvåka sin prosa. Epistlane er derimot eit folkeleg skriv, og ei noko avbleika

vidareføring. Her presenterer Holberg råstoff, men ikkje ferdige produkt. (Jansen

1938-39, II, 60.)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!