23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

vi

problemstillinga er det ikkje moderne, snarare tradisjonell teori som kjem i forgrunnen.

Arbeidet som heilskap kan langt på veg sjåast som framlegg til ein poetikk for

Holbergs reflekterande prosa på grunnlag av den gamle retorikken.

Det er i den nærmare bestemminga av denne orienteringa mot tradisjonen at

det føreliggande arbeidet kan seiast å profilera seg. I denne samanhengen er det

nødvendig å gjera tre presiseringar, eller åtvaringar.

For det første ei åtvaring mot å setta likskapsteikn mellom tradisjonell retorikk

og eit klassisistisk tekstbegrep. Eg støttar meg på tradisjonell retorikk, men meiner

like fullt at eit klassisistisk tekstbegrep er lite eigna til å gjera greie for den

forankringa i tradisjonen som ein finn i Holberg-essayet. Eit tekstbegrep innretta mot

vidd (ingenium) og framsyning (epideiksis) er etter mitt syn meir dekkande.

For det andre ei åtvaring mot eit snevert figurbegrep. Ein føresetnad for at

figurbegrepet skal kunna gjera greie for elementet av framsyning, er ei presisering

eller problematisering av figurbegrepet. Her er det tilvising til Genette som bruker ei

gammal og inklusiv oppfatning som korrektiv til ei moderne og snever. Eit moderne

figurbegrep styrer særleg mot konkretisering, førestilling, sansemessig erfaring. Eit

eldre er meir ope også for intellektuell erfaring, for tanke, poeng, vidd.

For det tredje ei åtvaring mot positivisme i bestemminga av forholdet til

tradisjonen. Det har vore vanleg å gjera greie for tilknytinga til tradisjonen hos ein

forfattar som Holberg ved påvising av eksakte og dokumenterbare førelegg. Dette

gir etter mitt syn eit for snevert bilete. Forfattaren står i gjeld ikkje bare til påvislege

kjelder som han auser meir og mindre ope og meir og mindre direkte av, men også

til tekstlege konvensjonar - tenkemåtar og grep - som bare kan bestemmast generelt

og omtrentleg.

Avhandlinga har fleire innslag av tekstanalyse, ikkje bare av Holbergs essays,

men også av tekstar frå andre delar av forfattarskapen samt frå den europeiske

tradisjonen. Når det gjeld det sentrale tilfanget, Holbergs essays, så dreiar det seg om

ikkje så reint få tekstar. All den tid det er språk og skrivemåte som står i fokus, ville

det neppe ha noko for seg å gi kvar og éin av desse eigen omtale. Analyseavsnitta er

derfor for ein del forsøkt retta mot tilfanget som heilskap - eller større delar av det,

særleg kjem Moralske Tanker som bok i fokus - og for ein del mot enkeltstykke som

kan seiast å vera representative for tilfanget som heilskap.

Holberg-litteraturen er omfattande, noko som gjer det nødvendig å bruka den

selektivt. I den grad eg gjer bruk av dette stoffet, er det med tanke på at det skal vera

til hjelp i å utvikla problemstillingar og gi svar på spørsmål. Dette inneber ikkje at

det er få referansar, bare at det i praksis er uråd å kombinera ei avgrensa og målretta

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!