23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

IDEALITET 39

eller opplevd det han gjengir - og slik som han gjengir det - er ifølgje Kragelund ikkje

det vesentlege; det avgjerande er konvensjonen å uttrykka seg på ein gitt måte i eit

gitt tilfelle ("saadan bærer folk sig nu engang ad ved en saadan lejlighed"/ "saadan

ser det ud i et smukt flodlandskab").

Naar sceneriet en gang [dvs. i antikken] er givet i klare og tydelige ord, vilde det være slet

økonomi at prøve paa at gøre den efter.

Iøvrigt er en romer et kronvidne, som man ikke gerne gaar udenom i klassicismens dage.

Det er da heller ingen grund til at tro, at Holberg har ønsket disse og andre skildringer opfattet

som sandhed i ordets banale betydning. Han veed, at mennesket ikke forandrer sig, at det i en

lignende situation reagerer paa samme maade. Man behøver blot at kende det typiske, det

særegne er underordnet. Fortællingen i hans mund, rummer da den egentlige virkelighed og den

usminkede sandhed. Det Holberg søger her som andetsteds, er marven, ikke barken, legemet ikke

skyggen, for at bruge et par af hans yndlingsuttrykk. (Kragelund 1965, s. XXXII-XXXIII.)

Her finn ein att klassisisme-idéen slik Eliassen formulerer den på grunnlag av

Chouillet; normalitet i tanken om det uforanderlege mennesket ("Han veed, at

mennesket ikke forandrer sig […]"); transparens eller positivitet i tanken om eit klart og

tydeleg språk ("Naar sceneriet […] er givet i klare og tydelige ord […]"); idealitet i

førestillinga om det typiske (skiljet mellom ytre, tilfeldig, banal sanning og indre

nødvendig, essensiell sanning). Ved denne presiseringa gjer Kragelund også synleg

sjølvproblematiseringa som er ibuande i klassisismen. Idealitet er tufta på ei evne til

å trekka essensen ut av det kontingente, noko som gir representasjonen eit kunstig,

fingert, fiktivt preg, der noko uvisst ("je ne sais quoi") lurer utanfor; dette er både

trugsmål mot og føresetnad for den estetiske konstruksjonen (av det typiske).

Problem

Sjølv om ei klassisistisk orientering kan finna støtte både hos Holberg sjølv og ikkje

minst i Holberg-litteraturen, er det vesentlege problem knytt til å lesa tekstane hans

på ein slik måte. Eg skal gå nærmare inn på to typer av problem. Den første tar

utgangspunkt i dei refleksjonane Roland Barthes gjer seg om den klassisistiske

førestillinga om teksten som reduserbar. Det er mogleg å lesa redaksjonelle inngrep

som uttrykk for ei slik førestilling. Eg argumenterer for at til og med tilsynelatande

harmlause redaksjonelle inngrep tenderer mot å fornekta teksten, dvs. eintydiggjera

den. Den andre typen av problem er at forholdet til tradisjonen for ein stor del har

blitt sett i eit frigjeringsperspektiv, noko som strir med klassisismens idé.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!