23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

IDEALITET 37

som alltid truer med å bryte inn og smadre den estetiske konstruksjonen, men som

samtidig og paradoksalt er det som dens kunstneriske vellykkethet livnærer seg av"

(Eliassen 1994, 261). Såleis er det som blir forsøkt innkretsa som det spesifikt

barokke, allereie føregripe i denne klassisismens nagande tvil.

Eliassen oppløyser motsetnaden mellom klassisisme og barokk og erstattar

denne med å sjå dei som ulike aspekt ved det moderne. Han fører resonnementet

vidare enn det eg her har parafrasert, og ser den nyare interessa for barokken på

bakgrunn av eit gjennomgåande spørsmål i postmodernismedebatten: kritikken av

fornuftas status. Det er ikkje ein kritikk av all rasjonalitet, eller bifall av det

irrasjonelle ved tilveret, men kritisk vurdering av dei former for rasjonalitet som

høyrer til den moderne epoken, av deira rekkevidde, gyldighet og praktiske

konsekvensar. Som tittelen på artikkelen indikerer - "Den barokke fornuftens

aktualitet" - ser Eliassen kritisk refleksjon om fornuft og rasjonalitet ikkje som noko

nytt og einestande for vår tid. Slik refleksjon er også artikulert i barokken, noko som

gjer barokken interessant for vår tid.

Ein mild konklusjon av dette resonnementet er at tekstar som tradisjonelt har

blitt rekna som klassisistiske, ikkje nødvendigvis realiserer det tekstbegrepet som det

har vore vanleg å knyta til klassisismen. Ein strengare og meir konsekvent dom er å

avvisa klassisismens førestillingar om tekst, fordi dei undertrykker eller fortrengjer

det konkrete, overflata i teksten. I staden for å sjå klassiske tekstar som bærarar av eit

klassisistisk tekstbegrep kan ein sjå dei som staden for ei problematisering av eit slikt

tekstbegrep.

Klassisisme hos Holberg og i Holbergforskinga

Som forfattar ser Holberg det som eit mål "at moralisere paa alle brugelige Maader"

(Ep, "Fortale", I, s. IV). Ifølgje Holberg-Ordbog går moralisering ut på å "oplyse, vejlede

(i skrift el. tale) mht. (den rette, gode) moral el. afsløre og revse hvad man finder

dårligt mht. moral, ret og rigtighed, god tone o.l."

De differente Maader, hvoraf jeg til den Ende haver betient mig, ere ved lystige Poëmata, ved Satires,

ved Reflexioner over Helte og Heltinde Bedrifter, ved alvorlige moralske Tanker, ved fingerede

Reyse-Beskrivelser, og endelig ved disse Epistler; saa at der fattes ikkun at udføre moralske Materier

ved Samtaler, hvilket dog ogsaa kand siges at være skeed ved mine Skue-Spill, som bestaae udi

Dialoger og fast alle ere moralske. (Ep, I, s. IV-V.)

Om dei ulike formene har eit felles mål, er dei ikkje desto mindre ulike og stiller kvar

for seg spesifikke krav til forfattar og publikum. Den som skriv innanfor ein

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!