23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kap. 2.1

Idealitet

Klassisismen som repressiv idé

Arnold Hauser ser i klassisismen eit historisk spesifikt kunstideal, knytt til

barokkens hoffkultur og mest ytterleggåande utvikla under fransk einevelde. Den

store kunsten er ikkje bare representativ (for absolutismens idéar), men også

repressiv. Orienteringa mot det allmenne undertrykker den franske kulturens

nasjonale karakter, svekkar sambandet med røyndommen og avviser individualitet,

subjektivitet og kunstnarisk fridom. I tragediane til Racine finst ikkje ein einaste

franskmann (Hauser 1972, I, 222). Naturalismen blir tabuisert "eftersom man i stället

för verkligheten överallt vill se bilden av en godtyckligt konstruerad och våldsamt

konserverad värld" (223).

Och liksom merkantilisterna söker utrota varje form av ekonomisk liberalism och partikularism så

vill den officiella klassicismens företrädare göra slut på all konstnärlig frihet, alla försök att hävda

en personlig smakriktning, all subjektivitet i valet av ämnen och former. De kräver allmängiltighet

av konsten, det vill säga ett formspråk som inte har något självsvåldigt, bisarrt eller säreget över

sig utan svarar mot idealen för klassicismen såsom varande den tydliga, klara, rationella stilen

framför andra. (224.)

Kravet om allmenngyldighet skapar ein indre motsetnad ved at det både gir bilete av

teorien som altomfattande og samstundes utelukkar vesentlege erfaringsrom (det

partikulære, personlege, sjølvrådige, bisarre). Klassisismens ideal er spesifikt, men

gjer krav på å vera allment; i dette ligg dets repressive karakter.

Knut Ove Eliassen problematiserer i artikkelen "Den barokke fornuftens

aktualitet" (Eliassen 1994) barokk og klassisisme som to separate og motsette

tekstbegrep. Hans innleiande definisjon av klassisismen er basert på Jacques

Chouillet som legg vekt på begrepa idealitet, positivitet, normalitet (som er ei utlegging

av den klassisistiske begrepstriaden vérité, nature, raison). Idealitet omfattar både

idealets reelle eksistens og dét at ei ideal gjenframstilling av det er mogleg. Positivitet

gjeld forholdet mellom teiknet og det som blir framstilt; teiknet står i eit solidarisk

representasjonsforhold til det framstilte; det som blir framstilt som teikn, har reell

eksistens; i kraft av denne positivitet inneber representasjonen altså teiknets

solidariske fordobling av verda; grunnregel i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!