23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Kap. 2

Gjenbruk

Kva tekstbegrep krev orienteringa mot fortid og tradisjon som ein finn hos Holberg?

Eg vil forsøka å nyansera spørsmålet ved å skilja eit klassisistisk tekstbegrep, basert

på ei førestilling om idealitet, frå to andre slags interesse for tradisjonen. For det

første den posisjonen som "dei gamle" inntar i den såkalla striden mellom dei gamle

og dei moderne, som ein kan setta merkelappen vidd (ingenium) på. For det andre

epideiktisk retorikk, der eit element av framsyning alltid er til stades. Idealitet, vidd

og framsyning er såleis overskriftene for kvar del av dette hovudkapitlet.

Presentasjonen av dei tre begrepa er forsøkt gjort kort og profilert. Når første

del likevel blir relativt omfattande, heng dette saman med at klassisistiske

førestillingar om tekst har gjort seg sterkt gjeldande i Holberg-litteraturen. Derfor er

det på sin plass å drøfta nokre av desse bidraga her. Denne drøftinga er ordna i to

blokkar.

Den første handlar om eit problem som er innebygd i ein klassisistisk horisont,

nemleg tendensen til å redusera eller fornekta teksten. Eg forsøker å gjera greie for

korleis dette problemet kjem til overflata i redigering og formidling av Holberg -

essayet.

Den andre dreiar seg om ein tendens som gjer seg gjeldande blant dei som

oppfattar Holberg som klassisist, til å sjå forholdet til tradisjonen i eit

frigjeringsperspektiv. Denne delen er relativt omfattande og inneheld lesingar av tre

bidrag, av Brandes, Fjord Jensen og Billeskov Jansen. Eg vurderer alle som sentrale;

Brandes fordi han når lengst i å formidla biletet av Holberg som natur- eller

kraftgeni, Fjord Jensen fordi han ser litteraturen som del av ei offentleghet, eit

perspektiv som særleg opnar for nytenking om brevforma, Billeskov Jansen fordi

hans avhandling om Holberg som epigrammatikar og essayist er eit viktig

referansepunkt i Holberg-litteraturen.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!