23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

INNLEIING 31

blir det hevdet"; Vold 1990, 177). Vektlegginga av forskjellighet, intertekst, av

oppløysing av meddeling osv. gjer det rimeleg å sjå splittelse som foreinleg med

teksbegrepet til Barthes og Kristeva.

Splittelse pregar også Holberg-essayet. På den bakgrunn kan det vera

forståeleg at desse tekstane til tider blir utforska på grunnlag av modernistisk teori,

slik som i eit nyare arbeid av Peter Christensen 1995 (Christensen 1995). Jens Kruuse

har eit liknande blikk på komedien (Kruuse 1964, 1978), men er i mindre grad teori-

spesifikk i utgreiinga. Eg skal gå ein annan veg. Eg vil framheva tradisjonen som

referanseramme for ei beskriving av slike typisk moderne trekk som splittelse, brot

og dissonans. Dermed har eg ikkje tatt stilling til det gamle og neppe utdebatterte

spørsmålet om Holberg var moderne eller gammaldags. Det kan argum entarast i

begge retningar. Det som eg derimot tar omsyn til, er at Holberg var fortidsorientert

som forfattar. Han skreiv mye om framskritt og forbetring, om å legga av seg gamle

fordommar osv.; på den måten uttrykker han interesse for det nye. Som forfattar har

han derimot blikket for det meste vendt bakover. Han skriv i gamle sjangrar, han

siterer dei gamle, han er på mange måtar gammaldags i språk og stil. Derfor kan

Holberg-essayet karakteriserast ved ordet gjenbruk, - ikkje bare av ord, uttrykk og

setningskonstruksjonar, men også problemstillingar og eksempel. Jo fleire tekstar ein

les i samanheng, jo meir vil ein bli var dette fenomenet. Det er ein klisjéfylt og på sett

og vis fattig prosa. Men i gjenbruken og det klisjéfylte språket ligg også

overskridinga av denne fattigdommen.

Tilbake til det poetikk-historiske perspektivet hos Genette og Barthes: På kva

grunnlag kan dei antyda ei historisk utvikling, der diksjon -poetikken og det som eg

her kallar eit moderne tekstbegrep, blir framstilte som nyutviklingar? Såvidt eg kan

sjå, er det særleg to svar som melder seg. For det første: Hos begge, særleg hos

Barthes, blir klassisismen - eller den klassiske epoke, eller klassisk kritikk - støtt

brukt som bakteppe; det tekstbegrepet han gjer greie for, inneber såleis ei utvikling

bort frå klassisismens snevre normer. For det andre: Diksjons-begrepet til Genette

står i ein liknande kontekst, men her er det særleg fiksjonsbegrepet som utgjer

referanseramme. Viss ein tenkjer seg ei poetikk-historie som tar utgangspunkt i at

litteratur primært er fiksjon, imaginasjon, sansemessig erfaring, vil det vera mogleg å

sjå diksjonsregimet som ei nyutvikling i forhold til dette. Det er vel noko slikt

Genette har i tankane når han hevdar at dette regimet er aukande. Genette har sjølv

bidratt til å auka dette regimet, i artikkelen "La rhétorique restreinte" frå 1970

(Genette 1972, 21-40; 1982, 103-26) som kritiserer ein slik bilet-orientert poetikk som

for snever, nærmare

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!