23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

30 KAP. 1

Til ein viss grad gir Holberg seg lidenskapen i vald, og argumenterer mot Bayle og

deistane. Denne posisjonen kjem til uttrykk bl.a. i Ep 2 der det heiter at deistane bør

gjendrivast ikkje med skjellsord, men med argum ent; viss ikkje, vil dei vantru bli

styrka i si vantru. (Ep 2, I, 9). Seinare bøyer Holberg av; i staden for argumentasjon,

tyr han til openberringa; Gud kan ikkje forklarast; det einaste individet kan gjera, er

å akseptera "Revelationen". MTkr. I.100 meddeler ei slik oppfatning i si utlegging av

historia om Simonides.

Simonides en bekiendt Græsk Philosophus blev engang adspurt af den Syracusanske Konge Hiero,

hvad GUd var. For at svare paa saadant Spørsmaal, bad han om een Dags Frist. Da Kongen spurte

ham den anden Dag, tilbad han sig to Dage, og continuerede en Tiid lang med at fordobble

Dagene. Dette forundrede Kongen sig over, og endelig vilde vide Aarsag dertil. Hvorpaa

Simonides erklærede sig saaledes: Aarsagen til saadan Forhaling er denne: at jo meere jeg tænker derpaa,

jo vanskeligere kommer mig Spørsmaalet for. Denne tilstandene U-videnhed er en stor Prøve paa

Simonidis Dybsindighed, og er det i den Henseende, at han med Berømmelse bliver citeret af store

Philosophis. Thi det er et Beviis paa menneskelig Daarlighed, at ville beskrive et Væsen, som er og

stedse vil blive u-begribeligt for Forstanden. (MTkr. I.100, 80.)

Sitatet gir eksempel på at Holberg meddeler at fornufta har sine grenser; her blir

også figuren jo meir …, jo mindre … eksplisitt uttrykt. Men slik besinning på fornufta

blir også uttrykt på anna vis, ved at teksten løyser opp si eiga meddeling. Det er

såleis ei spenning mellom meddeling og oppløysing av meddeling, og eg ser denne

spenninga som eit sentralt trekk ved Holberg-essayet, ved måten det skaper

betydning på.

Historisk perspektiv

Kan eit litteraturbegrep som er utvikla med særleg omsyn til moderne litteratur,

gjerast gjeldande også for eit eldre tilfang? Hos Roland Barthes er det ein viss

ambivalens på dette punktet, noko som kan peika i retning av ulike svar. I innføringa

til den engelske utgåva av Critique et Verité hevdar Philip Thody at teorien hans er

anvendeleg fortrinnsvis på nyare litteratur (Barthes 1987, 11). Barthes er inne på

liknande tankar i 1973, men stiller seg samstundes open for å lesa tekstar frå fortida

på grunnlag av moderne teori (Barthes 1991, 80 og 82). Og når han skal demonstrera

sin moderne tekstteori, er det gjerne dei gamle han går til, bl.a. Balzac og Poe

(Barthes 1988 og 1996).

Til grunn for det spørsmålet som her blir stilt - om forholdet mellom eit

moderne litteraturbegrep og eldre tekstar - ligg sjølvsagt ei forventning om at eit

moderne tekstbegrep skal fanga opp ei erfaring eller ein horisont som er spesifikk for

det moderne mennesket. Det er ei alminneleg oppfatning å sjå splittelse som

grunntema i modernismen ("Selve splittelsen er modernismens dypeste tema,

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!