23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Forord

Kva slags tekst er Holberg-essayet? Korleis - eller på kva måte - skaper det

betydning? Det er dette spørsmålet denne avhandlinga forsøker å utdjupa,

konkretisera og avklara.

Spørsmålet har blitt stilt før, for lenge sidan, og i den samanheng har det også

blitt påpeikt at ein ikkje utan vidare kan ta det som står i desse tekstane, for

pålydande verdi utan omsyn til litterær kode. Når eg stiller spørsmålet på nytt, er det

for å utdjupa eller nyansera viktige sider ved "veremåten" til denne litteraturen.

Dei mest sentrale påstandane for arbeidet som heilskap er:

Holberg-essayet er poengtert i kraft av å vera tekstleg tvetydig, dvs. det gir

motstridande signal om teksten.

Det tvetydige kan bestemmast nærmare som spenning mellom meddeling og

oppløysing av meddeling.

Dette spenningsforholdet kan utdjupast ved tekstens litterariserande grep,

nærmare bestemt innslaget av framsyning (epideiksis).

Innslaget av framsyning er varierande, og denne variasjonen er eit sentralt

tekstleg grep.

figur.

Framsyning som litterariserande grep kan hos Holberg forklarast som retorisk

Figur er eit generelt begrep som kan omfatta ulike konkretiseringar. Eg vil

framheva brev, paradoks og enkel stil som viktige konkretiseringar i Holbergs

reflekterande prosa.

For å gjera nærmare greie for dette tar eg teoretisk utgangspunkt i estetikk-

debatten, i spørsmålet om kva det er som gjer kunst til kunst, og litteratur til

litteratur. Her drar eg nytte av den systematikken Gérard Genette presenterer i boka

Fiction et diction, nærmare bestemt skiljet mellom ein "essensialistisk" poetikk som

gjer greie for det poetiske som ibuande og objektiverbare eigenskapar ved teksten, og

- på den andre sida - ein "kondisjonalistisk" poetikk som gjer greie for dette som

avhengig av kommunikasjonssituasjonen, bl.a. av den responsen som lesaren gir på

teksten. Vidare blir ein kondisjonalistisk poetikk relatert til eit moderne tekstbegrep,

nærmare bestemt tekstteorien til Roland Barthes. Men i den vidare utviklinga av

v

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!