23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

INNLEIING 29

forvirra vil ein bli (MTkr I.101). Han brukar figuren om Guds vesen ("jo meer jeg

tænker derpaa jo vanskeligere bliver det" MTkr I.100, 80), og han brukar den om seg

sjølv ("Thi jeg kand sige, at der er intet, som jeg meere studerer paa, og dog mindre

begriber, end mig selv", Ep 257, III, 262).

Hovud og hale på Holberg-essayet er moralisering, dvs. kritisk vurdering av

vanar (mores). Han spør om det som folk gjer, tenkjer, meiner eller trur, kan

forsvarast som fornuftig. Og han kjem som kjent gong på gong fram til at så ikkje er

tilfelle. Derfor så mye tale imot vanleg oppfatning. Den som taler imot det som folk

flest trur, er - til tross for at han blir markert som isolert og aleine om si meining -

alltid sikker i si sak. Det kan han vera i kraft av at han stør seg på fornufta.

Men denne gjennomgåande tiltrua til fornufta har også sine uttalte grenser. På

nokre felt er Holberg dogmatisk, særleg i spørsmål om litterær tradisjon, om

statsforfatning og religion. Det er ikkje nødvendig å gjera detaljert greie for dette; eg

skal bare kort trekka fram eit eksempel på korleis dette kan ytra seg i religiøse

spørsmål. Både MTkr og Ep drøftar teodicé-problemet, spørsmålet om korleis ein kan

forklara at verda med all sin vondskap er styrt av eit allgodt og allmektig forsyn.

Særleg første og andre Tome av Ep (frå 1748) vitnar om at forfattaren er fascinert av

den kritikken av Bibelen og dogmene som kjem til uttrykk hos den franske

"fritenkaren" Pierre Bayle og hos dei engelske deistane, ein kritikk som avviser

dogmene, eller som aksepterer dei bare i den utstrekning dei er i samsvar med

fornufta. Generelt - og litt upresist - kan ein hevda at Holberg er tilbøyeleg til å tenka

i same banar (jfr. f. eks. MTkr I.5); framfor alt føler han problemet som ei

stimulerande intellektuell utfordring. Her står han overfor det Kierkegaard seinare

skulle kalla det absolutte paradoks, dvs. at tanken blir stilt overfor det som den ikkje

kan tenka. Tittelsida til Philosophiske Smuler presenterer ei slik "nøtt": "Kan der gives

et historisk Udgangspunkt for en evig Bevidsthed; hvorledes kan et saadant

interessere mere end historisk; kan man bygge en evig Salighed paa en historisk

Viden?" Denne slags problem kallar Kierkegaard paradoks, og føyer til:

Dog skal man ikke tænke ilde om Paradoxet; thi Paradoxet er Tankens Lidenskab, og den Tænker,

som er uden Paradoxet, han er ligesom den Elsker der er uden Lidenskab: en maadelig Patron.

Men enhver Lidenskabs høieste Potens er altid at ville sin egen Undergang, og saaledes er det

ogsaa Forstandens høieste Lidenskab at ville Anstødet, uagtet Anstødet paa en eller anden Maade

maa blive dens Undergang. Dette er da Tænkningens høieste Paradox, at ville opdage Noget, den

ikke selv kan tænke. (Kierkegaard 1977, 34.)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!