23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

28 KAP. 1

poeten, forfattaren. Metamorphosis fortel opphavsmyten til forfattaren: Vevkjerringa,

som drep med si gift, blir forvandla til forfattar, nærmare bestemt til "Satyricus", ein

kritikar som all sin flid til tross ikkje har noko igjen for slitet (Mindre poetiske Skrifter,

42). I MTkr I.177 (152) gjeld samanlikninga unyttige skriv. MTkr III.18 (244) taler om

den brødlause poeten på denne måten; poeten har alt, men manglar likevel ikkje

heilt uvesentlege ting som føde og klede. Noko tilsvarande i MTkr I.27 (43) der

samanlikninga er knytt til tanken om at jo betre forfattaren skriv, jo verre får han det,

dvs. jo meir utsett er han for misunning og hat, og jo mindre lesen blir han (på grunn

av den forderva smaken til menneska).

En gammel Skribent siger heel artig, at den, som Jupiter er vreed paa, giør han til en Skolemester.

Man kand og sige, at den, som Jupiter hader, giør han til en Skribent. Det Haab, som en Skribent

flatterer sig med, at han skal leve udi Chrønikerne og indlegge sig et Navn efter hans Død, kand

ikke balancere mod de Fortredeligheder, som han underkaster sig udi Livet. Jo bedre han skriver,

jo større Misundelse og Had bliver han underkastet. Thi det er ikke ved triviale Skrifter man giør

sig Fiender, men ved gode; og ere derfore haarde og bittre Critiquer, Beskyldninger og

Forfølgelser gemeenligen Beviis paa et Skrifts Godhed. Man siger vel, at en god Skribent haver den

Lykke og Fornøjelse at see sine Skrifter løbe om udi Folkes Hænder, da en trivial Skribent med

Fortrydelse maae see sine Bøger at ligge paa Bogladen, og forderves af Skimmel. Men det er ingen

bestandig Regel: thi, som de fleste Mennesker have en trivial Smag, saa give deslige Skrifter

undertiden bedre Rente, end gode; og lærer Erfarenhed, at de beste Skribentere ofte med

Edderkoppen have arbejdet sig til intet. (MTkr I.27, 43.)

Både Holberg og Barthes knyter vev-metaforen til eit tankepoeng; forfattaren blir

som vevkjerringa til inkje, som ein konsekvens av flid og strev. Men det er også

skilnad. Hos Holberg dreiar det seg bare om ei biletleg framstilling av at mye

(forfattar-)strev gir lite resultat. Han brukar ikkje - slik som Barthes - metaforen som

samlande bilete i ein teori der subjektet går i oppløysing samstundes med, og som

konsekvens av, at teksten blir skriven.

Så kan ein spørja: Er vev-metaforen til Barthes likevel dekkande for Holberg-

essayet? Eg meiner ja. Etter mitt syn står ein her overfor ikkje bare eit karakteristisk

trekk ved Holberg-essayet, men dei sidene ved denne prosaen som har mest

tiltrekningskraft på ein moderne lesar.

Meddeling og tekstleg artikulasjon

Grunntanken i vev-metaforen, figuren jo meir …, jo mindre …, gjer seg gjeldande på

to forskjellige tekstlege nivå: som meddeling og som tekstleg artikulasjon. Denne

figuren blir svært mye brukt hos Holberg: Jo meir ein studerer, jo mindre veit ein

(MTkr I.86); jo meir ein fordjuper seg i spørsmålet om sjela, jo meir

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!