23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

Intertekst

INNLEIING 27

"[A]ll tekst er en ny vev av forgangne sitater". Begrepet intertekst refererer til "alt

forgangent og samtidig språk som kommer til teksten", som er "disseminert i den"

(Barthes 1991, 78).

Eit parallellt begrep er differanse. Teksten er forskjellig, ikkje ved at den får

individuelt særpreg som slutta einskap eller eineståande verk, men ved å artikulera

ein uendelighet av tekstar, språk og system. Spor av andre tekstar gir teksten

særpreg som tekst, dvs. som representerande alle tekstar. (Barthes 1996, 3). Den som

taler, taler i språk som allereie er talt. Andre tekstar er spreidde i teksten. Det er ikkje

lenger tale om ein styrande kode, slik Barthes tenkte i sin mest konsekvent

strukturalistiske fasong; konnotasjonane i ein tekst er heller å forstå som

påminningar om eit mangfald av kodar. Dette gir eit uendeleg perspektiv på

intertekstualiteten og på tekstens meiningsproduksjon.

Med si markante interesse for påvising av kjelder og førelegg dreiar også

tradisjonell litteraturforsking seg om intertekstuelle relasjonar, men med stikk

motsette førestillingar om årsakssamanheng og forfattarsubjekt liggande til grunn;

påvisinga av kjelder er ein freistnad på å sjå teksten som sluttpunkt i ei årsakskjede

(Barthes 1988, 172); samstundes er det ei insistering på eit styrande subjekt, dvs.

forfattaren - humanisten og sitatkunstnaren - som ein individualitet, dvs.

sjølvstendig og sjølvmedviten overfor det overleverte stoffet. I motsetnad til dette

gjer intertekstbegrepet, slik Barthes brukar det, greie for det ein kunne kalla ein

eksplosjon, ei spreiing eller oppsplitting. Ei slik oppfatning av meiningsproduksjon

ligg til grunn for vevkjerring-metaforen, som bilete på oppløysinga av såvel

meddeling som subjekt.

Moderne tekstbegrep relevant for Holberg?

Gjeld eit slikt moderne tekstbegrep for Holberg? Sikre haldepunkt for svar finn ein

verken hos Holberg sjølv eller i Holberg-litteraturen. Like fullt vil eg hevda at

Holberg-essayet tilhøyrer eit kondisjonalistisk regime på sjølvmedvite vis. Ikkje

dermed sagt at ein diksjons-poetikk blir klart formulert; den blir først og fremst

praktisert. Likevel blir den artikulert på antydande vis, noko eg skal gjera nærmare

greie for ved igjen å ta utgangspunkt i førestillinga om teksten som vev og

forfattaren som vevkjerring.

Seks stader taler Holberg om vevkjerringa som spinn seg sjølv til inkje. Alle

stader blir førestillinga brukt biletleg, og i fire av desse gjeld samanlikninga

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!