23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

INNLEIING 23

kvarandre, diskursen er forankra i og omgitt av ein konkret kontekst. Den ideale

meininga bøyer seg mot den verkelege referansen, mot det me taler om, og

referansen smeltar saman med ei framsynande eller påpeikande nemning eller

gestus. Når teksten inntar talens plass, blir referansens rørsle mot utpeikinga

avbroten, samstundes som dialogen er avbroten av teksten. Ricœur presiserer at

rørsla er avbroten, ikkje avskaffa. Teksten er såleis ikkje utan referanse; det er

lesingas oppgåve i eigenskap av tolking å gjera referansen verkeleg. Referansen er

utsett, uavgjort, teksten heng i lufta, utanfor verda. Og i kraft av utsettinga av

forholdet til verda er kvar tekst fri til å gå i relasjon med andre tekstar som erstattar

den omgjevande røyndommen som den levande teksten viser tilbake til.

Så ser den omvälvning ut som berör diskursen själv, när referensens rörelse mot utpekande

avbryts av texten. Orden utplånas inte längre inför tingen - de skrivna orden blir ord för sig själva

("mots pour eux-même"). (Ricœur 1988, 37.)

Omveltinga av forholdet mellom teksten og verda er nøkkel til ei anna omvelting,

dvs. av det forholdet teksten står i til forfattarens subjektivitet og lesarens

subjektivitet. I teksten er det ingen som taler, i alle fall ikkje som taler direkte og

umiddelbart om seg sjølv. Forfattaren er innsett igjennom teksten; han finst i det

tydingsrommet ("espace de signification") som skrifta skisserer og innskriv. Teksten

er sjølve staden der forfattaren framtrer.

Med sitt skrift-begrep gjer Ricœur greie for intransitivitet på eit generelt

grunnlag. Begrepsparet fiksjon-diksjon kan nyansera dette biletet, dvs. kan gjera

greie for korleis tekstar styrer mot intransitivitet på forskjellig vis: Ein essensialistisk

poetikk - anten den er basert på fiksjon eller form - vil operera med kriterium som er

ibuande og objektiverbare og i kraft av det sjå teksten som eintydig intransitiv. Ein

kondisjonalistisk poetikk vil derimot vera basert på langt meir usikre kriterium; den

gjer greie for ein poetisitet som ikkje er ibuande og objektiverbar, men subjektiv,

avhengig av lesarens dom, den gjer greie for ein transitivitet som ikkje er eintydig,

men tvetydig; bare i den grad lesaren fornemmar eit estetisk objekt - og her skal ein

ikkje ta noko for gitt - kan ein tala om at utpeikinga i konteksten blir avbroten.

Uttrykkets fleirtydige karakter

Denne tvetydige transitiviteten reflekterer eit moderne tekstbegrep, slik ein kjenner

det frå Roland Barthes, særleg i hans såkalla poststrukturalistiske fase.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!