23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

22 KAP. 1

Etter mitt syn er begge forklaringar brukbare. Den første dreiar seg om

tekstens måte å vera på, dens måte å oppføra seg på overfor sin lesar. Dette blir

utdjupa vidare i det følgjande. Den andre dreiar seg om redaksjonelle inngrep i denne

veremåten, nærmare bestemt at teksten ikkje når fram til lesaren med si form intakt.

Dette kjem eg tilbake i neste hovudkap ittel.

Diksjon utdjupa som moderne tekstbegrep

Diksjon-kriteriet kan gjera greie for at teksten er litterær på ein tvetydig måte. Ein

slik tanke kan utdjupast ved det eg med ein noko grovt tilskoren kategori vil kalla eit

moderne litteraturbegrep.

Skrift og intransitivitet

Det er som nemnt ikkje radikal skilnad mellom ein essensialistisk og ein

kondisjonalistisk poetikk; dei styrer begge mot eit og same mål, ein og same

funksjon: intransitivering. Intransitivering kan forklarast nærmare ved hjelp av

skrift-begrepet, nærmare bestemt korleis forholdet til kommunikasjonssituasjonen

blir radikalt annleis ved skrift samanlikna med tale. Det er særleg Jacques Derrida

som har lagt vekt på denne skilnaden, men det er fleire som tenker i liknande baner,

bl.a. Paul Ricœur, som eg støttar meg på i det følgjande. Ricœur definerer tekst som

diskurs fiksert gjennom skrift. Teksten erstattar den levande talen med denne

fikseringa; på den plassen der den levande talen kunne ha blitt til, står skrifta. Skrift

er såleis ikkje etterlikning av tale, men kjem i staden for tale. Denne hypotesen blir

understøtta av den funksjonen lesing har i forhold til skriving. Ved ein munnleg

kommunikasjonssituasjon er instansane den som taler, det talte ordet og

dialogpartnaren. Ved lesing trer lesaren inn i staden for dialogpartnaren, medan

skrifta tar plassen både til den som taler og til det talte ordet. Relasjonen skriva -lesa

er ikkje eit særtilfelle av relasjonen tala-svara, men noko ganske anna. I staden for

(som ved munnleg kommunikasjon) utveksling av spørsmål og svar, er

kommunikasjonen splitta i to handlingar som er skilde ifrå kvarandre, skriveakta og

leseakta. Teksten skjuler både lesaren og forfattaren.

Idet ytringa blir nedskriven, skjer ei omvelting av dei referensielle relasjonane,

mellom språk og verd (det teksten talar om) og mellom språk og subjekt (forfattar og

lesar). Ved levande dialog er dei samtalande nærverande for

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!