23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

18 KAP. 1

blant publikum som sjølv peiker seg ut som fornærma part, og dermed også peiker

seg ut som kritikkverdig offer for satiren. Deretter kan forfattaren forsikra om at det

heile bare var løgn og dikt, at han verkeleg ikkje hadde konkrete personar i tankane,

at han er oppriktig lei seg viss nokon har tatt seg nær av det han har skrive, osv.

Fiksjonskategorien er i teorien til Genette mangelfull fordi den bare kan gjera

greie for delar av det litterære feltet. Til gjengjeld er den eintydig og sikker som

kriterium på litteraritet; å gå inn i fiksjonen er å gå ut av det vanlege språket, altså ei

intransitivering. Når teksten av samtida blei oppfatta som tvetydig, både transitiv og

intransitiv, kan dette sjåast som funksjon av at fiksjonen - dvs. det intransitiverande

grepet - er vaklande.

Det er fleire element som gir Peder Paars dybde og vertikalitet som fiksjon. For

det første dreiar det seg om såkalla litteratur av annan grad; Peder Paars er - biletleg

talt - ein palimpsest, skriven "over" eller "oppå" ein annan tekst, nemleg Aeneiden av

Vergil, som den parodierer. Dette gir dobbel referanse; i tillegg til å etterlikna livet,

slik ein kan førestilla det seg i tanken, altså som fiksjon, etterlikn ar verket også annan

tekst.

For det andre førekjem sjølvkommentarar og metaspråk. Dette har for ein del

å gjera med den spesielle tilblivingshistoria til stykket. Dei tre første bøkene blei

opprinneleg utgitte éi for éi, med nokre få månaders mellomrom før dei saman med

fjerde bok kom i første samla utgåve (jfr. Brix 1936; Jansen 1945; Christensen 1949).

Første bok var ein frisk og uredd satire. Men fordi forfattaren kom ut i hardt vêr,

endra dette biletet seg i dei påfølgjande bøker og utgåver; Holberg blei ikkje bare

meir varsam med kva og kven han retta satiren mot, men føydde til diverse forord

og kommentarar der han instruerer publikum om kva satire er og korleis den bør

lesast. Idet historia er fortalt ferdig i fjerde bok, har teksten nådd å reflektera over seg

sjølv, bl.a. ved å reagera på den kritikken som første bok blei møtt med. På denne

måten blir Peder Paars i tillegg til å vera samfunnssatire også refleksjon over kva

verknad satiren har eller kan ha i samfunnet. Boka får eit dobbeltperspektiv; den er

både observerande og sjølvobserverande. (Nielsen 1984, 45-115.)

For det tredje må ein spørja om teksten er simulert i sin bruk av aleksandrinar-

verset. Ein samtidig av Holberg, Chr. Rantzau, var usikker på korleis han skulle

oppfatta verskunsten i dette heltediktet. I brev til Chr. Falster, datert 22. feb. 1720,

omtaler han boka som "efter mit Tycke en schmuk Invention og klygtig indfald […]".

Men han legg til: "I Peder Paars finder jeg Versene undertiden ei de rigeste, og veed

ei, om de for ofte forekommende Neglicences

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!