23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

266 KONKLUSJON

ein kan slutta seg til på grunnlag av skaparverket, så kan ein lesa dette som hans

eigen biletpoetikk.

Den insistering på tekst, betydning, form som har gjort seg gjeldande i dette

arbeidet, inneber ikkje ei neglisjering av innhaldet, det tekstane handlar om, dei

spørsmål som blir drøfta, dei synspunkt som blir sette fram osv. Det er heva over tvil

at Holberg i sine essays drøftar ei rekke spørsmål som i og for seg kunne ha fortent

eit nærmare studium. Når eg likevel ikkje har hatt blikket vendt særleg mye i den lei,

kan det forklarast og forsvarast på grunnlag av særleg to omsyn.

For det første: Skal ein yta dette tilfanget rettferd i eit resepsjonshistorisk

perspektiv, bør ein lesa og gjera greie for det på ein måte som er representativ for vår

tids interesse for det, eller som i det minste forsøker å argumentera for kva det er ved

desse tekstane som øver tiltrekning på eit moderne menneske. Eg trur ikkje ein

moderne lesar går til Holberg for å læra om kva han meinte om frimurarar eller

hugenottar. Det som øver tiltrekning på oss i dag, er den spenningsfylte forma, d ette

bringar oss over på det andre punktet.

Moralisering hos Holberg er i ytste konsekvens ikkje bare ei kritisk innstilling

til saker og emne, men også språkkritikk og medvitskritikk på meir grunnleggande

vis. Uansett emne dreiar det seg hos Holberg alltid om moralisering, dvs.

undersøking av om det menneska gjer, er tufta på fornuft eller inngrodd og sløv

vane. Som kjent kjem vår forfattar ofte fram til negative konklusjonar. Vårt syn på

verda er forstyrra av vrangførestillingar, seier han, me set galne ord på tinga, me

forvekslar tinga og tar noko for noko anna, osv. Moralisering inneber såleis også

språkkritikk. Nå er det bare sånn at også den som gjennomfører denne

moraliseringa, denne språkkritikken, er eit menneske, eit skrøpeleg kar som alle

andre, som snublar i sine altfor menneskelege eigenskapar, og ikkje minst i eigne

feilslutningar. På denne måten forkynner teksten på antydande vis ein slags

skeptisisme, ikkje av misantropisk merke, og slett ikkje som manglande tiltru til

mennesket som kritisk vesen. Det dreiar seg snarare om ein tillit som er dialogisk,

som gjer forsvarleg dei mest hasardiøse utspel mot lesaren, som gjer eit språk som

ikkje passar, passande.

Er ei slik beskriving dekkande? Det er langt frå alle essaya til Holberg som har

så markante innslag av tilgjersle og simulering som ein finn i dei tekstane som eg har

trekt fram i dette arbeidet. Tvert imot er det mange tilfelle - særleg i Ep - av det som

eg kallar jamn meddeling, der forfattaren ofte ikkje gjer stort anna enn å parafrasera

ei eller anna bok han har lese, gjera greie for ulike syn på ei sak, osv. I lys av det kan

ein spørja om utgreiinga mi eintydiggjer Holberg-

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!