23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

264 KONKLUSJON

blikket for teksten som estetisk objekt, og dette problemet kan konkretiserast som

særleg tre faremoment. Det eine er at førestillinga om idealitet, som er nedfelt i

klassisismen, utelukkar eller fortrengjer det som er tvetydig, motsetnadsfullt,

irrasjonelt, dvs. utelukkar den forskjellighet som ifølgje Barthes er ein essensiell

eigenskap ved all tekst. Førestillinga om det estetiske objektet som konkretiserbart

blir dermed svekka, eller i det minste vanskeleg å relatera til tekstens overflate. Den

andre faren er ei positivistisk påpeiking og dokumentasjon av førelegg, slik ein finn

det hos Billeskov Jansen. Vilhelm Andersen hevda at denne metoden ikkje skil

tilstrekkeleg mellom kva som er viktig og uviktig, ei vurdering som absolutt har

estetiske dimensjonar, dvs. kan relaterast til spørsmålet om teksten som estetisk.

Den tredje faren ved klassisismen - som forresten kan sjåast som fellesnemnar for dei

to første - er at den får eit for defensivt blikk på tradisjonen. Holberg er gammaldags,

han kan til tider synast ganske oppslukt av tradisjonen. Han druknar likevel ikkje i

den, men demonstrerer eit overskot ved å leika med førelegga og visa dei fram. Dette

overskotet dreiar seg om vidd og framsyning. Bruken av overleveringa er hos

Holberg knytt til metaspråk, dvs. sjølvkommentarar som viser fram språket og

teksten på ein poengtert måte.

Slik poengtert framsyning kan forklarast som figur, dvs. form; her er ei

mogleg avhjelping av problemet om det estetiske som lokaliserbart tekstelement. Det

dreiar seg ikkje om gitte former eller gitte "sjangrar" med gitt innhald og gitte

haldningar, men om kjensle av figur, dvs. kjensle av form, og kjensle av meining

bortanfor eller bakanfor orda.

Figur er ein samlekategori. Brev, paradoks og enkel stil er konkretiser ingar av

figuren. Det dreiar seg i alle tilfelle om spenning mellom orda og ei meining

bortanfor orda. Brevforma har ulike tekstlege funksjonar i Holbergs reflekterande

prosa, og det same kan seiast om paradoks og enkel stil. Brevforma er ikkje brev,

sjølv om resepsjonshistoria viser at forma kan ha skapt illusjon om verkeleg

korrespondanse. I eit offentleghetshistorisk perspektiv ser det ut til at brevet har

fungert opplærande; det har instruert mottakaren i ei adekvat lesarrolle ved skriftleg

meiningsutveksling. Paradokset er ikkje utan referanse til samtida, verken hos

Holberg eller i den europeiske paradoks-tradisjonen som han skriv seg inn i. Og når

det gjeld spørsmålet om enkel stil, så kan ein seia at Holberg eit stykke på veg

praktiserer det han forkynner. Men den viktigaste funksjonen ved alle desse tre

innslaga er elementet av framsyning gjennom metaspråk, og der det som blir sagt -

dette er eit brev, dette er enkelt og naturleg, dette er eit paradoks - blir undergravd i

det teksten gjer. Brev, paradoks og enkel stil instruerer såleis lesaren i vidt

forskjellige lesarroller, som til saman utgjer lesarens figur.

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!