23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

Konklusjon

Kva slags tekst er Holberg-essayet? Det er ein tekst der spenning mellom meddeling

og oppløysing av meddeling er ein sentral faktor, det er ein tekst som er

grunnleggande tvetydig, som gir motstridande signal om sin måte å vera tekst på.

Ein kondisjonalistisk poetikk kan fanga opp dette; den kan gjera greie for teksten

ikkje som anten det eine eller det andre - anten transitiv brukstekst eller intransitiv

kunst - men som eit både-og; den kan gjera greie for at teksten speler på at dette

spørsmålet er uavklart.

Ein kondisjonalistisk poetikk kan forklarast med eit moderne tekst- eller

litteraturbegrep der tekst blir definert som meddeling og oppløysing av meddeling.

Men mi konkretisering i dette arbeidet går i ei anna retning: til tradisjonell retorikk.

Her er to føringar - kondisjonalistisk poetikk og tradisjonell retorikk - som begge har

opplagt problematiske punkt. Som nemnt under presentasjonen av skiljet mellom

essensialistisk og kondisjonalistisk poetikk (ovanfor kap. 1), er det ein fare knytt til

den relativiseringa som er ein uløyseleg del av ein kondisjonalistisk poetikk. Litterær

er den teksten som gir meg - lesaren - estetisk tilfredsstilling, seier Genette. Og sjølv

om denne subjektivistiske fortolkinga av kriteriet om den poetiske funksjonen ikkje

bør takast til inntekt for ein totalrelativisme, dvs. at det utelukkande er lesarens

respons som kan avgjera og gjera greie for om tekstar har ein estetisk funksjon, blir

spørsmålet om det estetiske som objekt påtrengande. Viss ein tekst som opprinneleg

er ein brukstekst, kan overskrida sin pragmatisk funksjon, må det estetiske finnast

som element i teksten. Teorien til Genette er svært generell, og viss den skal gjera

nytte som estetisk teori, vil kravet om konkretisering melda seg; Kor er det estetiske

objektet, dvs. korleis lar det seg "lokalisera" eller avgrensa som element eller storleik

i teksten?

Det er som forsøk på slik konkretisering at eg vender blikket mot tradisjonell

retorikk. Her står ein overfor kjernestoffet i den klassiske arven. Men ikkje desto

mindre har dyrkinga av det klassiske - klassisismen - lett for å tapa

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!