23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

262 KAP. 6

og at de, som [2] mindst kand [1] giøre, [1] anmasse sig [2] mest Forretninger (MTkr

I.84, 75; understreking her).

Kiasmen omfattar både paradokset som uttalt eller sjølvmedviten haldning, og

som dynamikk i teksten. Kiasmen representerer eit ytterpunkt av ein pynta stil, dvs.

ein stil som viser tilbake til ein styrande kontroll i teksten. Samstundes markerer den

feilslutninga i fortetta form, og er såleis også staden der ein slik kontroll blir

undergravd. Kiasmen rommar to lesarroller: lesaren blir meddelt noko, og han får ei

utfordring.

Konklusjon

Når eg reiser spørsmålet om Holbergs stil er enkel, får eg ikkje noko klart svar ja eller

nei. Saka kan argumenterast i begge retningar. På eit nivå er Holberg enkel i tydinga

klar, på eit anna nivå er han enkel - slik Croll definerer enkel - i tydinga dunkel. Her

er poenget med å reisa spørsmålet.

I Holbergs reflekterande prosa blir den enkle stil gjort til figur. Dette skjer ved

spenning mellom omtale og bruk, eller sagt i éi vending: ved metaspråk. Holberg

ikkje bare taler for eit enkelt språk; på eit nivå praktiserer han det også, i tydinga

klart og transparent. Det er dette Ulla Albeck gjer greie for når ho plasserer Holberg i

forhold til skiljet mellom førromantisk og romantisk stil. På den andre sida - og på eit

anna nivå - er Holberg både kryptisk og enigmatisk. Hans prosa er spenstig og

poengtert ved å appellera til tanke meir enn til førstilling og imaginasjon. Men i strid

med Croll som ser ein motsetnad mellom enkelt og utbrodert språk, vil eg hevda at

ein enkel stil hos Holberg ikkje utelukkar at prosaen også kan vera utbrodert,

symmetrisk, rytmisk og på sitt vis velklingande, altså noko for sansane, dvs.noko for

øyra. I sluttkapitlet om kiasmen forsøker eg å gjera nærmare greie for denne

samanhengen. Dei omtaler av prosastil hos Holberg som eg har konsultert legg ikkje

nemneverdig vekt på kiasmen. Dette er vel mest påfallande hos Hagedorn Thomsen

som skriv om piasmen, men ikkje om den meir polerte varianten, kiasmen, og denne

utelatinga er ikkje minst merkbar i lys av at Hagedorn Thomsen legg vekt på

samanhengen mellom ironi og paradoks på den eine sida og ein utbrodert stil på den

andre. Det skulle såleis vera høgst relevant for hans undersøking å vektlegga

kiasmen som gestalt for ein gjennomgripande antitese. Kiasmen er ikkje bare ytre

ornament, men noko for tanken; den reverserer tanken, den stiller tinga på hovudet,

den kan vera nært knytt til feilslutninga. Ikkje desto mindre er den også språkleg

pynt, den gir velklang, rytme og symmetri. Den forkynner på sitt vis

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!