23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

INNLEIING 17

Welhaven reserverer seg overfor forfattarens reflekterte og distanserte haldning, og

etterlyser imaginasjon, fiksjon, førestilling, innleving. (Me skal seinare sjå at Georg

Brandes tenker på liknande vis.) På denne måten gir han ei vurdering av

forfattarskapen generelt, ei vurdering som forklarer kvifor han stort sett neglisjerer

essayistikken til Holberg, særleg MTkr.

Nå er det ikkje meininga å føra vidare ei slik resepsjonshistorisk kartlegging

her og nå. Det som bl.a. taler imot, er at spørsmålet ikkje så lett lar seg avgjera som

eit anten-eller, altså anten kunst eller ikkje kunst. Dette bringar oss over til andre

punkt:

Dette begrepsapparatet kan gjera greie for ein tvetydighet som er

gjennomgåande i forfattarskapen, ikkje bare i essayistikken. Dette skal eg gå litt meir

detaljert inn på, først med referanse til Peder Paars, deretter til Holbergs reflekterande

prosa.

Vaklande fiksjon, tvetydig tilgjersle

Det komiske heltediktet Peder Paars er ein fiksjon, men urein eller vaklande i sitt

fiktive grep. Og straks lesaren begynner å tvila på fiksjonen, vil han også bli rådvill i

spørsmålet om tekstens intransitivitet. Her er etter mitt syn noko av forklaringa på at

verket fungerte så glimrande som satire.

Delar av handlinga er lagt til den vesle øya Anholt i Kattegat. Gehejmearkivar

Fr. Rostgaard, eigaren av Anholt, følte seg på vegner av innbyggarane støtt over

"dend usandferdige og uchristelige Beskrivelse, som dette vanartige Gemyt

[Holberg] haver bebyrdet det fattige Land Anholt og samtlige Indbyggere med". I eit

klageskriv til kongen tilbakeviste han dei usannferdige påstandane han h adde funne

i Peder Paars og bad om straff for forfattar og boktrykkar samt om at boka blei

konfiskert. Kritikken var for ein del retta mot historiske detaljar som Rostgaard

avviste som ukorrekte; bl.a. blei forteljinga om bokslaget på universitetet (Peder Paars

I.3) stempla som løgn. Svaret frå Kongen - eller kongens råd - representerer ei heilt

anna lesing av boka. Rådet fann ikkje anna enn "lutter fingeret Skiemt" i Peder Paars

og måtte derfor avvisa klagen. (Christensen 1949, s. XIX-XX).

"Feillesinga" til Rostgaard kan sjåast som eit lyte hos han; han skjønner ikkje

spøk eller kan ikkje skilja mellom fakta og fiksjon. Men feillesinga kan også

forklarast som ei misforståing som teksten inviterer til. Det er eit velkjendt grep i

satiren å gjera menneskeleg veikskap til lått, men på ein slik måte at grupper eller

einskildpersonar føler seg ramma eller tråkka på, og det i ein slik grad at dei ikkje

klarer å la vera å protestera høglytt. På den måten blir det ein eller fleire

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!