23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

258 KAP. 6

Eksempla som er trekte fram ovanfor, gir eit visst inntrykk av at kiasmen kan

gjera seg meir og mindre ettertrykkeleg gjeldande. Jo mindre synleg figuren er, jo

meir aktuelt blir også spørsmålet om kor grensene for den går. Dette spørsmålet skal

eg la ligga. Det er dei tydelege og utprega tilfella som primært har interesse. Éin

hovudfunksjon ved kiasmen hos Holberg er å gjera språket synleg, visa det fram som

pynta språk. Kiasmen er i Holberg-prosaen antitesen i sin optimalt markerte form.

Når eg skal gjera nærmare greie for betydningsfunksjon, vil eg som

referanseramme trekka inn eit par korte artiklar, den eine av Max Nänny (Nänny

1987), den andre av Thomas Mermall (Mermall 1990). Begge gjer kiasmen til

gjenstand for drøfting. Begge sluttar seg til den generelle oppfatninga at kiasmen kan

knytast nærmast til kva som helst av betydningar. Begge aktualiserer figuren som

analysereiskap.

Max Nänny deler grovt inn i to typar bruk, nærmare bestemt i (1) tilfelle der

kiasmen ikkje har nokon betydningsfunksjon, men blir brukt som mnemoteknisk

hjelperåd eller som reint framsynande ornamentikk, og (2) tilfelle der kiasmen blir

brukt "mimetisk", dvs. som emblem eller ikon for sirkularitet, for stagnasjon, for

balanse og symmetri, for "framing, centring and enclosure", eller som ikonisk

forsterking av inversjon. Eit par eksempel: Nänny meiner figuren har ein

dobbeltfunksjon i John Keats' dikt "Ode on a Grecian Urn". Om den namngjetne

kiasmen i diktet - "Beauty is truth, truth beauty" - seier han at den "may be *

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!