23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

256 KAP. 6

Spanjolane vil ha tilgang på land og rikdommar, det er røyndommen; denne

røyndommen utgjer bakteppe for den forklaringa dei prøver å pønska ut når dei må

rettferdiggjera koloniseringa. Dei klarer ikkje å få til noko som kan halda stikk, dvs.

som kan stå til eller stå imot denne bakgrunnen. Den sanninga figuren gir rom til,

kan ikkje reduserast til ein av to haldningar/lesarroller, ikkje den forklaringa

spanjolane prøver å smøra ihop, heller ikkje påpeikinga av den grådige interessa bak

denne historia, men i rommet mellom dei to historiene; at det bakanfor den eine

historia kjem ei anna til syne, dét er sanninga. På denne måten blir språket som blir

lagt på røyndommen, definert som figur, nærmare bestemt dét figuren ifølgje

Genette dreiar seg om når alt kjem til alt: kjensla av figur; det historiene eller

argumenta til spanjolane skaper kjensle av, er at det her kunne ha stått noko anna.

Kiasmen

Kiasmen er ein ordstillingsfigur som gjentar eit syntagme i omvendt rekkefølgje.

Heinrich F. Plett kallar den antitesen i syntaktisk innfatning (Plett 1985, 31). Figuren

kan førekomma på alle tekstnivå (Lausberg 1982, § 392), noko eg ikkje skal gå

nærmare inn på her. Den type kiasme som mest markant gjer seg gjeldande hos

Holberg, er det Lausberg kallar komplisert, nærmare bestemt semantisk kiasme. Her

blir krysstillinga av semantisk motsvarande ledd overlappa av syntaktisk

parallellisme.

Holberg brukar kiasmen i utprega eller tydeleg form. I dei fleste tilfella

omfattar krysstillinga to eller tre ledd i kvar hovuddel. Allereie MTkr I.1 gir rikeleg

med eksempel.

[1] Thi Gnieren, som en gammel Philosophus siger, ejer ikke Pengene, men Pengene

eje ham (MTkr I.1, 26; understreking her).

[2] Den første samler paa hvad andre efter ham skal adsprede, og den anden

adspreder hvad andre for ham have samlet (MTkr I.1, 30; understreking her).

Her er det syntaktisk parallellitet mellom første og andre hovudgruppe og

krysstilling av dei semantisk motsvarande ledda (som er understrekte). Den

innskotne relativsetninga i [1] forstyrrar ikkje dette inntrykket.

Samsvaret mellom ledda i krysstilling kan vera mindre tydeleg enn i eksempla

ovanfor. Det er ikkje alltid at de ledda som motsvarar kvarandre,

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!