23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

252 KAP. 6

vondskap. Holberg presiserer at satiren rammar like hardt - om ikkje endå hardare -

når den ikkje framstår som kritikk, men heller gir skin av sympati.

Avslutningsvis - i tredje del - er det drøfting av spørsmålet om kvifor satire

har komme i miskreditt. Her er det bl.a. omtale av dåren som misforstår og plasserer

seg sjølv i sentrum av einkvar debatt og som trur at ei låtteleggjering av

menneskelaster generelt er retta mot han personleg.

Teksten er motsetnadsfylt. Dei ytre rammene er eit forsvar for satire; innanfor

desse rammene utgjer hovudelen (andre del) ein kritikk av utillateleg satire. Denne

kritikken er ei etter måten detaljert utforsking av korleis satiren kan få optimalt

rammande verknad, eller korleis den kan gjerast mest mogleg infam. Eit tilsvarande

motsetnadsforhold er det i tredje del der dåren blir omtalt som den som misforstår

satiren, dvs. som ikkje skjønar kva satire er. Også her blir det utpensla korleis satiren

virkar på sitt mest optimale og mest infame. At ein enkeltperson peiker seg sjølv ut

som fornærma part, er ein funksjon av satiren. Viss den som føler seg ramma, ikkje

hadde tatt til motmæle, men bite kritikken i seg, ville han vore aleine med spotten.

Men idet han melder seg til torgs som fornærma part, har han kunngjort nederlaget

for verda, og gitt ei påliteleg og stadfestande tilbakemelding til forfattaren.

På denne måten inneheld kritikken av utillateleg satire såleis ein både detaljert

og forlokkande omtale av det som det blir åtvara mot. Omtalen av korleis satiren kan

gi skin av å hevda noko og samstundes hevda noko ganske anna, gir også til kjenne

eit tekstleg medvit. Denne tilkjennegjevinga har metadiskursiv eller

tekstkommenterande funksjon, dvs. peiker ut to lesarroller i éin artikulasjon. Å seia

eitt og samstundes seia noko anna dreiar seg om ein tekstleg kompleksitet eller

dunkelhet, dvs. står i motsetnad til idealet om det språkleg enkle.

MTkr I.161 handlar om at det går an - for ei tid - å skjula si fåkunne gjennom affektert

gravitet. Tidleg i stykket kjem tre fyldige eksempel på korleis ein kan greia seg ved å

teia still og forsøka å sjå klok ut; eksempla er om skrivaren som heldt saker frå

"Raadstuen" hemmelege, om Molières munk, og om Holbergs eigen avislesnad (119-

20). Vidare omtaler Holberg det eine området etter det andre der problemet påtatt

verdighet kan vera aktuelt: møte mellom statsoverhovud, kyrkjemøte, katolske

prosesjonar, akademiske opptog og publisering av bøker. Om det siste heiter det:

Hvor tit seer man ikke Skrifter komme for Lyset med prægtige Titler, kostbare

Kobberstykker, nette Characterer, ja med alle de Tilberedelser, som kand give høje

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!