23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ENKEL STIL 251

her er peikt på. Sanninga blir ikkje fortalt lesaren, han får bare vist fram noko,

slutningar må han trekka sjølv, noko som inneber ei ganske anna lesarrolle.

To lesarroller, men éin artikulasjon. Dette markerer MTkr-teksten ved ei rekke

sjølv- eller metakommentarar som ope speler på dei to lesarrollene. I det følgjande

kjem ein litt meir detaljert omtale av denne lesarens figur, slik den gjer seg gjeldande

i tre tekstar som tar opp res-verba-temaet til open drøfting. Dette gjeld MTkr I. 160,

MTkr I.161 og MTkr I.177.

MTkr I. 160 er ifølgje Billeskov Jansen (Jansen 1938-39, II, 102) den einaste prinsipielle

drøfting av litteratur i MTkr. Stykket handlar om satire, det er nærmare bestemt eit

forsvar for satire, noko det er tradisjon for både hos Holberg og andre (Jansen 1938-

39, I, 128).

Stykket kan delast i tre hovuddelar: Først eit generelt forsvar (125-126.34),

deretter om kritikkverdig satire (126.35-129.34), til slutt forklaringar på kvifor satire

har komme i miskreditt (129.35-130). Andre del utgjer meir enn første og tredje del til

saman og må sjåast som hovuddel i stykket som heilskap. Eg skal omtala kvar av

delane litt nærmare.

Første del er eit forsvar for satire, utforma som eit paradoks: Motsett av kva

ein skulle tru, er ros til skade og last til det gode. Forsvaret inneheld klassiske

feilslutningar, f. eks. ved forveksling av absolutt og relativ bestemming. At ros kan

vera skadeleg og villeiande når den er uærleg og hyklersk, rettferdiggjer ikkje

påstanden om at all ros er skadeleg. Tisvarande med satire: Sålenge det dreiar seg om

kritikk av laster, er satiren nyttig; men dette er bare éin av fleire variantar av satire,

og rettferdiggjer ikkje påstanden om at all satire er nyttig.

Slike feilslutningar opnar for ein miserabel logikk:

Hvis ingen hykliske Poëter og Oratores vare, vare og ingen Ødeleggere, og hvis ingen

Censores eller Dadlere vare, vilde Haardhed og Udyd end meere tilvoxe (MTkr I. 160,

126).

Andre del omtaler ulike former for unyttig satire. Først ein systematikk etter

kven satiren er retta mot: Den kan vera retta mot menneska generelt, eller mot ein

nasjon, eller mot enkeltpersonar. Jo meir generell den er, jo meir uskuldig er den

også. Satire retta mot enkeltpersonar er utillateleg, anten kritikken er rettvis eller

ikkje. Denne systematikken blir så supplert med ein fyldig omtale av tre måtar å

skjula satiren på. For det første ved å gi skin av å vera medfølande og vennleg stemt

mot offeret, for det andre ved å vera utforma som eit forsvar for offeret, for det tredje

ved forankring i vidd eller "Geist", og ikkje i

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!