23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

250 KAP. 6

faaer Anseelse af Skiønhed, men naar dens Vernis udslettes, og dens Coiffure

borttages, faaer sin naturlige Grimhed igien" (MTkr III.14, 243).

Qvid pro qvo-temaet - å ta noko for noko anna - er ein variant av res-verba-

temaet og dreiar seg om å ha eit galt namn på tingen eller saka.

Mit Morale gaaer fornemmeligen ud paa at vise de Vildfarelser, som dagligen begaaes

blant Mennesker, i det at de tage Skyggen for Legemet, og ansee som store Dyder det,

som ofte er ikke uden store Feil. Gierrighed faaer saaledes ofte Navn af Oeconomie,

Haardnakkenhed bliver kaldet Bestandighed, Vrede Tapperhed, Rangsyge honete

Ambition, Ødselhed Generositet, Falskhed Viisdom, Taabelighed Ærlighed, Tyrannie

Rettens Handhævelse, Bidskhed og den sorte Galde Nidkierhed. (MTkr I.82, 58.)

Som regel er det tale om mangel: manglande gudsfrykt, grundighet,

originalitet, mangel på orden, handling, realitet, eller mangel på proporsjonar, på

innhald, på sjølvbilete, kort sagt manglande realitetssans. Og innebygd i slik kritikk

ligg idealet om eit klart språk.

Rett nok er det ikkje alltid at res-verba-temaet blir aktualisert på denne måten.

Nokre stader taler Holberg fint om språkleg pynt (MTkr I.177, MTkr III.85); og MTkr

III.14 taler i positive vendingar om poesien som ein stad "hvor der handles om at røre

Affecterne" (242). Ein bør gjera eit tilsvarande atterhald for qvid pro qvo-temaet; stort

sett dreiar det seg om å gjennomskoda villfaringa, men det er også åtvaringar imot

alltid å vera mistenksam til det ein blir presentert for, alltid søka meining bakanfor

eller under dei ytre kjensgjerningar ein står overfor. Såleis åtvarer både

"Forberedelse" og MTkr I.117 imot å tru at all dygd er hykleri:

Samme Autor er den der haver skrevet en Bog om Menneskets Dyders Falskhed (De la

fausseté des Vertus humaines) hvorudi han giør alle Dyder interesserede, og deriverer dem

af syndige Kilder, saa at Ydmyghed øves udaf Hovmod, Venskab af Interesse, &c.

men man kand sige, at, hvis disse Theses end vare vel udførte, ere de dog lidet

opbyggelige, eftersom de tiene til intet, uden at opvække Mistillid, og indprente

Mistanke til alle (MTkr I.117, 111).

Res-verba-temaet blir knytt til iscenesettingar: feilslutning (paradoks),

brevfiksjon, komisk regresjon. Idealet om enkelt språk blir artikulert i eit innfløkt

eller dunkelt språk. Her er to språk, og to lesarroller: Res-verba som tema inneber

omtale av språk, ein omtale som meddeler sanninga til lesaren og der lesaren

gjennomgåande blir fortalt at saka er viktigare enn orda, eller at det er handlinga

som tel, og ikkje dei historier som blir dikta ihop. I tillegg til dette eit anna språk og

ei anna lesarrolle, som blir antydd ved dei tekstmarkeringane som

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!