23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

16 KAP. 1

vurdering, men i kraft av ibuande trekk som fiksjonalitet og form. Ein konstitutiv

litteraritet er såleis i ein viss forstand uforeinleg med og ubunden av eikvar

evaluering. Vurdering av slike verk på grunnlag av ein kondisjonalistisk poetikk er

absurd eller irrelevant.

Det er grunn til å presisera at feltet for diksjon hos Genette går på tvers av

grensa mellom essensialistisk og kondisjonalistisk regime. I ein essensialistisk

poetikk vil det formelle bli oppfatta som ibuande og objektiverbare trekk ved

teksten, medan det etter ein kondisjonalistisk poetikk dreiar seg om ein tekstleg

veremåte som kan gi grunnlag for at enkelte lesarar oppfattar teksten som eit estetisk

objekt.

Dei to måtane å bestemma litteraritet på er ikkje radikalt forskjellige.

Fellesnemnaren er intransitivitet. Ein poetisk diskurs er intransitiv fordi dens

betydning (signification) er uskiljeleg frå dens verbalform; den kan ikkje omsettast til

eit anna språk. På tilsvarande vis er også den fiktive teksten intransitiv p.g.a. den

fiktive karakteren til dens objekt. Den manglar referanse, eller har bare ein

pseudoreferanse, dvs. den er denotasjon utan denotata.

Fiksjon og diksjon hos Holberg

Kategoriane til Genette kan brukast som referanseramme for Holbergs reflekterande

prosa, særleg for to problemstillingar.

For det første som orienteringspunkt i ein resepsjonshistorikk, som nærmare

bestemt gjer greie for kva premissar som ligg til grunn når Holberg-essayet blir evt. ikkje

blir rekna som litteratur, som estetisk objekt. Holberg-essayet har blitt plassert utanfor det

litterære feltet på grunnlag av ein essensialistisk poetikk, nærmare bestemt

fiksjonskriteriet. Holbergs reflekterande prosa har blitt plassert innanfor det litterære

feltet på grunnlag av ein kondisjonalistisk poetikk.

Eit eksempel på at ein essensialistisk poetikk blir lagt til grunn finn ein hos

Welhaven, særleg der han taler om "Begrændsningen i Holbergs aandelige Anlæg".

Hans Rige var Forstandens, og dets Brøst og Mangler kunde han blotte som lattermild

Ironiker; men udover dets Grændse svigtede hans Øiemaal og Indbildningskraft. Han

havde ved Læsning og ved tænksomme Sammenligninger dannet sig et temmelig

holdbart Begreb om Hovedfortjenesten ved den Digtning, som han ei selv kunde

udøve, men Poesiens indre Væsen og Idealitet blev ham ligefuldt tilsløret, og

Tidsalderens herskende Opfatningsmaade, havde Intet, som i den Sag kunde lede

ham til større Klarhed. (Welhaven 1992, 304.)

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!