23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

246 KAP. 6

eller ein eller annan frå den store skaren av komediefigurar som, når alt kjem til alt -

ja, lenge før alt kjem til alt - bare kan tenka kroppens tankar og derfor skyr den

minste påminning om svelt, tørst, slit, juling. I dette tilfellet innrømmer

brevskrivaren at han ikkje tør stå inne for sitt syn på grunn av frykt for

ciceronianarane.

I motsetnad til dette markerer subjektet seg også som ein mann med

meiningars mot. Dette skjer i omtalen av standpunktet som paradoks. Denne tanken

blir i konteksten utanpåklistra, ikkje bare fordi den står i grell kontrast til den

komiske regresjonen, men også fordi det jo er ei gjengs, og ikkje ei avvikande

oppfatning som blir forfekta; sølvaldertanken er ikkje ny, det er ein gammal klisjé.

Brevet, kroppen, paradokset er måtar teksten gjer seg til på. Sølvaldertanken

og idealet om enkel stil blir såleis formulert innanfor rammene av eit (overtydeleg)

négligence-språk. Det enkle er bra, det er bra fordi det er tilgjort, seier Holberg, og

han gjer dette i eit språk som ope framstår som tilgjort.

Førestillinga om eit enkelt språk i Moralske Tanker

Eit enkelt språk er eit gjennomgåande tema i MTkr. Temaet inngår i ein artikulasjon

der simulering er viktig. Dette skal eg gjera nærmare greie for i det følgjande; først

ved ei lesing av MTkr III.85, deretter gjennom lesingar meir orienterte mot MTkr som

heilskap.

Moralske Tanker III.85

MTkr III.85 handlar om bruk av framandord i språket, eit spørsmål Holberg ofte

vender tilbake til (Liebenberg gir overblikk i ein merknad til Mindre poetiske Skrifter,

311). Her argumenterer han mot purismen, og til fordel for bruk av framandord.

Synspunktet blir for ein del lagt fram på grunnlag av res-verba-motsetnaden og eit av

argumenta for bruk av framandord er at språket skal vera pynta.

Jeg tilstaaer vel, at intet Europæisk Sprog er saa fattigt, at man jo derved

tilstrekkeligen kand tilkiende give sin Meening. Men vil man forsøge paa at giøre det

med Fynd og Ziirlighed, merker man strax en Mangel *

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!