23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

INNLEIING 15

forklarer utelukkinga av ikkje-fiktiv litteratur (bl.a. lyrikk, satire, didaktikk) frå det

litterære feltet.

Ein formelt orientert poetikk finn ein i tradisjonen frå tysk roman tikk, fransk

symbolisme (Mallarmé, Valéry) og russisk formalisme. Poetisk språk blir forstått på

grunnlag av skiljet transparens-opasitet. f. eks. i Roman Jakobsons avgrensing av d en

poetiske funksjonen "defined as the emphasis placed on a text in its verbal form - a

form thereby rendered more perceptible and in some sense intransitive" (Genette

1993, 14).

Problem: dei to greinene av essensialistisk poetikk dekkar til saman ikkje heile

det litterære feltet; ei rekke sjangrar (historie, tale, essay, autobiografi, osv.) vil

framleis falla utanfor. Det er særleg slike tilfelle som aktualiserer ein

kondisjonalistisk poetikk, definert som diksjon, der det er diskursen i seg sjølv - kva

ein tekst er, i motsetnad til kva den seier - som bestemmer dens litterære kvalitetar.

Det litterære blir ikkje gitt til kjenne i form av utvetydige markørar, men dreiar seg

heller om eigenskapar ved teksten som gir rom for ein estetisk funksjon. Dvs. at ein

estetisk funksjon er avhengig av lesaren. Litterær er den teksten som gir meg -

lesaren - estetisk tilfredsstilling. Denne subjektivistiske fortolkinga av kriteriet om

den poetiske funksjonen gjer ein tekst litterær for dei som er meir opptatt av forma

enn innhaldet. Når Genette formulerer seg på denne måten, kan det henda han gir eit

misvisande inntrykk av totalrelativisme, dvs. at det utelukkande er lesarens respons

som kan avgjera og gjera greie for om tekstar har ein estetisk funksjon. Ein slik

totalrelativisme er etter mitt syn problematisk i den grad den gjer det estetiske til eit

reint privat spørsmål. Etter mi vurdering ville det vera galt å ta Genette til inntekt for

eit slikt syn. Det dreiar seg om at ein tekst som opphavleg ikkje var styrt av ein

estetisk funksjon, men heller er f. eks. didaktisk eller polemisk, kan overskrida eller

drukna ein slik pragmatisk funksjon i kraft av ein individuell eller kollektiv

smaksdom som stiller tekstens estetiske kvalitetar i forgrunnen. Det kan nok, seier

Genette, vera freistande å sjå ei estetisk haldning som uforeinleg med praktisk eller

teoretisk bruk; at den første blir frigitt ved svekking eller reduksjon av den andre.

Men ei slik freisting må ein motstå; ein praktisk og ein estetisk funksjon kan gå hand

i hand. Genette gir eksempel med ein vag analogi: ei kyrkje kan vera både heilag og

skjønn.

Området for ein kondisjonalistisk poetikk er aukande, men den kan ikkje

trenga inn på området til ein konstitutiv eller essensiell poetikk. Eit epos, ein

tragedie, ein sonette eller roman er litterære verk ikkje i kraft av estetisk

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!