23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

ENKEL STIL 239

andre slags gjentakingsmønster, blir "avbalanserte", med antitesen som midtpunkt.

Han brukar bl.a. følgjande eksempel:

[1] Jeg tilstaaer gierne at Milt-Syge Folk ere ikke behagelige. [2] Jeg fortænker ingen,

der for Tiidsfordriv søger Selskab, at han holder sig fra deslige Folkes Compagnie. [3]

Jeg pardonnerer ogsaa en Jomfrue, om hun giver en miltsotig eller cholerisk Frier

Kurven. [4] Men det er ikke saadant, som jeg her censurerer: [5] jeg laster ikkun de

vrange Domme, som her fældes, [6] jeg laster dem som beskylde deres Næste for et

Temperament, som den selv ikke kand give sig. (Hagedorn Thomsen 1984, 31; tal i

hakeparentes som markerer hovudsetningar, er innsette her.)

Seks hovudsetningar, med einsarta rytme, med klimaks, og med eit midtpunkt som

gir symmetri. Dei tre første setningane er alle innrømmande, og har alle anaforisk

opning (førstepersonspronomen + eit "meine"-verb). Den fjerde setninga markerer

balansepunktet ved å bryta dette mønsteret i hovudsetninga, samstundes som den

gjentar det i undersetninga ("som jeg her censurerer"). Deretter blir mønsteret tatt

opp igjen i dei to siste setningane (Hagedorn Thomsen 1984, 31-32). Hagedorn

Thomsen taler her om klimaks i tydinga stigning 1 ; gjentakingane i dei tre første

setningane er ordna etter eit stigande mønster; den andre setninga er lengre enn den

første, den tredje lengre enn den andre. Dette er den rytmisk-musikalske sida ved

klimaks. Slutt- og toppunktet på denne kurva er setningane 5 og 6, som til saman

utgjer det tyngste leddet i klimaks-figuren som heilskap, etter det markerte midt-

eller balansepunktet i setning 4. Dette viser ei anna rørsle som finn stad ved klimaks,

ved sida av den rytmisk-musikalske stiginga, nemleg ei logisk inndeling i

motsetnader (33). På denne måten får klimaks-figuren hos Holberg ein funksjon som

er understrekande kva gjeld både ornamentering og tydeleggjering.

I tillegg til å vera viktig brikke i setningssymmetrien, er antitesen for

Hagedorn Thomsen også grunnelement i tankefigurane paradoks og ironi. Han gir to

definisjonar av paradokset, den eine refererer til det som er ubegripeleg i verda, den

andre - som har større interesse her - til ein tekstleg dynamikk, nærmare bestemt

"den proces, der går under fænomenernes overflade og drager den rette

sammenhæng frem. Paradokset afslører *

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!