23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

Create successful ePaper yourself

Turn your PDF publications into a flip-book with our unique Google optimized e-Paper software.

238 KAP. 6

det biletet komedien gir av situasjonen. Denne konflikten kan det av og til sjå ut som

Hagedorn Thomsen - med nødvendige endringar - vil overføra til MTkr. Spørsmålet

blir på den andre sida svært problematisk om ein skal forstå konflikten språk-

røyndom som eit forhold mellom teksten som språk og verda utanfor. Med utsegna

om at Holberg er uttrykk for si tid og før si tid, er eg redd for at det er dette som er

oppfatninga til Hagedorn Thomsen.

Eit anna problem er førestillinga om Holberg som rebelsk, men likevel med

evne til å innordna seg krav og reglar som samfunnet stilte. Hans reflekterande prosa

er gjennomtrekt av paradokset som tankefigur, inklusive oppfordinga om ikkje å

følgja den gamle slendrian, ikkje å lita på gjengs oppfatning. Dette kan i seg sjølv

ikkje takast til inntekt for ei radikal haldning. Synet på samtida som hemmande for

Holbergs utvikling og utfalding er det også all grunn til å stilla seg spørjande til. Den

skrekken som Holberg-litteraturen til tider har mana inn i samtida, er det etter mitt

syn få sikre haldepunkt for.

Eit tredje problematisk punkt hos Hagedorn Thomsen: Dei to relasjonane

språket kan ha til røyndommen, inneber to lesarroller. Ein faktaorientert - språkets

bør - som tar opplysningane for pålydande verdi, og ein ironiorientert - språkets må -

dvs. ein prosess der lesaren oppdagar at noko ikkje kan takast for det som det gir seg

ut for. Hagedorn Thomsen gjer ikkje nærmare greie for forholdet mellom

lesarrollene, men analysen hans kan etter mitt skjønn seiast å gi støtte til teorien om

lesarens figur (Lockwood).

Derimot set han ein utbrodert og ein "ironisk" stil i relasjon til kvarandre

gjennom antitesen som fellesnemnar. Karl Mortensen fann ei innebygd utbrodering

eller forsiring i freistnaden på å gjera språket klart. Hagedorn Thomsen følgjer opp

denne tanken når han gjer greie for prosaen til Holberg som symmetrisk. Særleg i

kapittel 4, "Symmetri", blir prosaen til Holberg omtalt ved hjelp av kategoriar som til

vanleg blir brukte helst om ciceroniansk stil.

Her er det ein generell påstand at ord og setningar er underlagde ein

symmetri orientert mot det rytmisk-musikalske. Når det gjeld setningsdanning,

nyanserer omtalen eit register av symmetriske figurar. Eit gjennomgåande trekk ved

desse er at alle er styrde av antitesen. Antitesen er sentralakse og heilskapsdannande

faktor i symmetriane ved setningsdanninga. Symmetri dreiar seg ikkje nødvendigvis

om balanse mellom like store einingar i eit éin til éin-forhold, men også om

balansering av delar etter kva vekt og betydning dei har (Hagedorn Thomsen støttar

seg her på Highet 1985, 332). I pakt med dette gjer han greie for korleis tre- eller

firledda setningsfigurar, eventuelt med anaforar eller

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!