23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ENKEL STIL 237

gjeld utviklinga av språket. Dette går ikkje Hagedorn Thomsen nærmare inn på. Ein

annan implikasjon av eit slikt språksyn er at det inneber fare og risiko; å gi tilkjenne

kva ein meiner inneber å gjera seg sjølv sårbar. Denne faren skaper grunnlag for

tilgjersle og ironi. Dette gir ei offentleghetsteoretisk referanseramme som Hagedorn

Thomsen plasserer Holberg inn i. Holberg er så rebelsk, hevdar Hagedorn Thomsen,

at han må uttrykka seg tvetydig; både komediane og MTkr har manøvrar som tar

sikte på å dekka til forfattarens eigentlege hensikt. Her er Holbergs dobbelte forhold

til samtida, å vera både uttrykk for den og i opposisjon til den. Kravet om klar tale

gjer språket farleg, og denne faren gjer nødvendig eit språk som er tilgjort, altså det

motsette av klar tale. Det dreiar seg om balanse mellom klar tale som eit bør (på

grunnlag av opplysningstanken om språk som kommunikasjon), og tilgjort språk

som eit må på grunnlag av kva det offentlege rommet gir plass for.

Særleg tre punkt hos Hagedorn Thomsen krev kommentar. Det første gjeld

forholdet mellom språk og røyndom: Språket eller teksten kan samsvara med

røyndommen - jfr. klar tale som eit bør - eller det kan balansera mot røyndommen -

jfr. tilgjort tale som eit må. Hagedorn Thomsen meiner at MTkr reduserer

røyndommen gjennom fornuft, intellektualisme, ironi og tilgjersle.

Det er vigtigt at holde fast ved, at virkeligheden, så meget stof den end giver til

Moralske Tankers sprog, er underordnet fornuften. Holberg er ikke empiriker. Ud fra

fornuftens fordringer bruger han virkeligheden ganske som han vil. Der er i Holberg

som essayist et stort stykke af en Montanus; han kan bevise, hvad det skal være.

Komediens konflikt mellem virkelighed og intellektualisme genfindes overalt i

Moralske Tanker. Virkeligheden er altid til stede, men således, at den bruges

suverænt i en overordentlig abstrakt eller akademsk tænkning. Den kan *

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!