23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

236 KAP. 6

Heller ikkje det andre punktet - ei orientering mot tanke - skulle krevja

nærmare utgreiing enn det som er gitt til nå. Kapitla om brev og paradoks gir

grunnlag for å hevda at det er i kraft av figurar orientert mot tilgjersle at prosaen til

Holberg blir enkel i tydinga dunkel.

På det tredje punktet gjenstår derimot noko å gjera greie for. Figurar med ei

orientering mot det stofflege gjer seg ikkje bare gjeldande i Holbergs prosa, men

utgjer eit integrert element i ein enigmatisk og dunkel stil. Holbergs prosa kan ikkje

seiast å stadfesta påstanden til hos Croll om motsetnad mellom enkel og utbrodert stil.

Tvert imot viser den eit mangfald der Croll helst ser einsretting.

Dette skal eg avslutningsvis gjera nærmare greie for i tre avsnitt. Først ved å

trekka fram nokre sentrale moment frå ei lita fin bok som Hans Hagedorn Thomsen

skreiv om språket i MTkr, deretter ved to analysar som kan sjåast som supplement til

Hagedorn Thomsen. Den første gjer greie for korleis enkel stil som tema blir

handsama epideiktisk, og knytt til paradokset. Den andre illustrerer samanhengen

mellom enkel og pynta stil ved ein analyse av kiasmen i MTkr.

Antitesen bindeledd mellom enkel og utbrodert stil

Hans Hagedorn Thomsen har i ei kort avhandling om språket i MTkr gitt eit

verdifullt bidrag til studiet av stilen til Holberg. Boka har to styringar som ved første

augnekast kan synast å ligga utanfor spørsmålet om stil og språk: Den eine er at han

forsøker å lesa MTkr som bok, som ein heilskap, den andre er at han forsøker å gjera

greie for grep som både er gjennomgåande og som gjer seg gjeldande på ulike

tekstnivå. Begge desse styringane, både bok- og nivåperspektivet, har relevans for

stilen. Det er nødvendig å gjera litt nærmare greie for rammene for boka før eg kjem

inn på dette.

Innleiinga har nokre sentrale påstandar som utgjer premissar for utgreiinga

som heilskap (Hagedorn Thomsen 1984). (1) Holberg er litterært før si tid og i

opposisjon til si tid. (2) Holberg uttrykker - eller er eit uttrykk for - si tid. (3) Holberg

gir uttrykk for eit språksyn som er forankra i opplysningstanken, og som blir

formulert allereie i Natur- og Folkeretten. Dette språksynet kan kort formulerast slik:

Språket som konvensjon er det element der mennesket dannar samfunn; på dette

fundamentet kan ein finna kriterium for kva som er eit rett eller eit godt språk. Desse

kriteria er for det første å bruka ord i vanleg tyding, for det andre å gi til kjenne kva

ein meiner. Eit slikt syn på språket har politiske konsekvensar, det inneber

nødvendigvis konservatisme, i det minste når det

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!