23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

ENKEL STIL 231

dei tidlege talane hans. Dei retoriske avhandlingane til Cicero er prega av denne

kontroversen; han tar avstand frå utprega asianisme (Brutus 51), samstundes som

han møter kritikken frå attisistane med forsvar for ein stil som er meir fyldig og

avrunda enn den attiske (Kennedy, 1994 95-96; Fafner, 1982, 77-79).

Cicero er den første latinforfattaren som diskuterer prosarytme (De Oratore,

III. 171-198; Kennedy 1994, 143); han legg vekt på samanheng mellom på den eine

sida meining og på den andre sida sekvensar av talen som blir naturleg avgrensa av

pustepauser. Det dreiar seg om ei stram form, som likevel ikkje er så regelbunden

som vers. Hans eigen prosa har ifølgje Jørgen Fafner (Fafner 1982, 82-84) særleg tre

karakteristiske trekk: For det første ein utstudert variert setningsrytme; denne er

periodisk ved at fleire setningar utgjer ein heilskap og ved at setningsledd (kola og

kommata) er parallelt oppbygde. Ofte følgjer fleire underordna setningar etter

kvarandre ved innleiinga av ein periode, dette skaper spenning som først blir utløyst

ved hovudsetninga som avrundar heilskapen. Det andre karakteristiske trekket er

patos, boren oppe av såvel denne periodiske setningrytmen som av figurar som

appellerer til sansane (lyd-figurar som anafor o.l.). Og for det tredje klausulen, den

rytmiske figuren som dannar harmonisk og avrunda utgang på perioden eller på

delar av den.

Også i tida mellom renessanse og klassisisme er det ei markant dyrking av

enkel stil, i opposisjon til ein utbrodert og overlessa prosa. Det er fleire som har gjort

greie for denne utviklinga (Müller 1980, 138 note 2 gir fyldig bibliografi), noko eg

ikkje skal gå inn på i detalj. Eg skal bare kort presentera teorien om enkel prosastil

slik den amerikanske litteraturprofessoren Morris W. Croll gjer greie for den på

grunnlag av arbeid om bl.a. Montaigne og Lipsius. Croll nyttar fleire etikettar:

"anticiceronianisme", "barokkstil", "attisk prosa", men ingen av desse merkelappane

er særleg gode 1 . Men anten namnet nå er det eine eller det andre, refererer det til "the

dominant tendency in seventeenth-century prose style in contrast with that of the

sixteenth-century" (Croll 1989, 52). Han prøver å sjå 'attisk' slik litteratane i det

syttande hundreåret oppfatta begrepet, "and they *

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!