23.12.2012 Views

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

Eiliv Vinje - Universitetet i Bergen

SHOW MORE
SHOW LESS

You also want an ePaper? Increase the reach of your titles

YUMPU automatically turns print PDFs into web optimized ePapers that Google loves.

14 KAP. 1

Fiksjon og diksjon

Skiljet mellom fiksjon og diksjon skal i det følgjande tena som ei meir spesifikk

referanseramme for spørsmålet om kva status Holbergs reflekterande prosa har som

litteratur.

For å unngå misforståing, først ein merknad om bruk av ordet diksjon. Det er

vanleg at det refererer først og fremst til munnleg bruk av språket, nærmare bestemt

til den måten noko - f. eks. eit dikt - blir sagt fram på. Men det er også tradisjon for ei

vidare og meir inklusiv tyding som refererer til stil, fasong, måte i såvel tale som

skrift. Det er den inklusive tydinga som blir gjort gjeldande her.

Diskusjonen om litteratur som estetisk objekt har aktualisert særleg to

problemstillingar. For det første har litteraturen blitt avgrensa vis-à-vis andre

kunstartar (komparativ estetikk). Her har særleg forholdet mellom bilete og ord stått

i forgrunnen, ikkje minst forsøket på å forklara det litterære som bilete, som

førestilling, som sansemessig erfaring (jfr. f. eks. Kittang 1998). For det andre har

litteraturen blitt avgrensa vis-à-vis ikkje-litterært språk. Inntil vidare er det den

andre av desse problemstillingane som har interesse her. Som utgangspunkt står ein

overfor den kjensgjerning at litteraturen har som medium det same språket som

daglegspråket eller vitskapsspråket. Kva er det så - har ein spurt - som gjer at nokre

tekstar blir rekna som kunstverk, kanoniserte som litteratu r, medan andre ikkje blir

det? Dette spørsmålet stiller Genette i artikkelen "Fiction et diction". Den overordna

problemstillinga hos Genette er det "evige" spørsmålet: Kva er litteratur?, og det er

særleg to trekk ved artikkelen som er verd å merka seg. (1) Den ser - i det minste

antydningsvis - litteraturens måte å vera literatur på i eit historisk perspektiv, slik

som i tradisjonen etter Valéry, Thibaudet, Barthes. (2) Den oppsummerer tradisjonen

ved å peika på to tolkingar av spørsmålet, ei essensialistisk - som ser litterariteten

som ibuande visse tekstar - og ei kondisjonalistisk - som ser litterariteten som

situasjonsavhengig og som i staden for å spørja kva litteratur er, heller spør om når -

dvs. under kva føresetnader - tekstar blir rekna som litterære. Desse to tolkingane

dannar grunnlag for to forskjellige poetikkar.

Essensialistiske teoriar opererer i hovudsak med to kriterium, tematiske og

formelle. Eit framståande eksem pel på tematisk poetikk er drøftinga av mimesis-

begrepet hos Aristoteles. Her blir språket oppfatta som skapande i kraft av mimesis,

dvs. etterlikning av simulerte eller førestilte handlingar. Her blir fiksjon eit sikkert

kriterium som gir klare grenselinjer mellom litterært språk og vanleg språk; å gå inn

i fiksjonen er å gå ut av daglegspråket. Baksida av medaljen er at begrepet blir for

snevert og utelukkar ei rekke tekstar og sjangrar "whose artistic character may not be

so automatically attested but is no less evident all the same" (Genette 1993, 10). Dette

Hooray! Your file is uploaded and ready to be published.

Saved successfully!

Ooh no, something went wrong!